SÅ! Stadsutvikling på Hatlestrand
Abstract
Sjølv om prognosane seier det blir færre og færre folk i bygdene, vil det alltid vere nokon som ønskjer å bli buande og flytte til. Difor treng me å utvikle bygdene som gode bumiljø. Då prosessane i stadsutvikling kan ta lengre tid enn i byane må ein sjå utviklinga i eit større tidsrom. Jobbar ein metodisk med trinnvis utvikling, med sosiale og økonomiske aspekter i bakhovudet, kan ein få til eit fleksibelt og robust prosjekt som kan vere attraktivt i dag og i framtida.