Development of Executive Functions: Parental Predictors and Relations to Psychiatric Symptoms and Emotion Regulation
Doctoral thesis
View/ Open
Date
2024Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for psykologi [3157]
Abstract
English summary
The topic of this thesis is the development of executive functions in school age and early adolescence. Executive function is an umbrella term for various forms of cognitive self-regulation. The individual uses executive functions to achieve various goals. Executive functions include among other things, the ability to inhibit impulses, mentally shift focus between tasks, and switch between mental strategies. Good executive function allows an individual to better manage several areas of life and social interactions at school and work.
To promote good executive functions in children, knowledge of what promotes and inhibits the development of these abilities is required. The aim of this thesis is precisely to contribute to such knowledge. All of the three studies included in the thesis are based on data from the longitudinal study Trondheim Early Secure Study, which began in 2007 with approximately 1,000 four-year-old participants and their parents. Every other year, information was collected from children, parents, and teachers using questionnaires, interviews, and the observation of interactions. This thesis uses data from when the participants were 6, 8, 10, 12, and 14 years of age.
Solid, long-term studies on how parents influence the development of executive functions are lacking. Therefore, in the first article in the thesis, we investigated characteristics of the parents and their parenting that could affect the child's executive functions. Previous research has identified three important parental factors that play a role: socio-economic status, the parents' mental health, and parenting. Accordingly, we observed that the parents' education predicted the superior development of executive functions, whereas a parenting style characterized as harsh (e.g., the parent touches the child harshly or reprimands the child) predicted the negative development of executive functions. Norsk sammendrag
Denne avhandlinga handlar om utviklinga av eksekutive funksjonar i skulealder og tidleg ungdomstid. Eksekutive funksjonar er eit samleomgrep for ulike former for kognitiv sjølvregulering. Individet brukar dei eksekutive funksjonane for å nå ulike målsettingar. Omgrepet inkluderer blant anna evne til å hemme impulsar, til mentalt å kunne flytte fokus mellom ulike oppgåver og å skifte mellom ulike mentale strategiar. Dersom vi har gode eksekutive funksjonar, ser vi ut til å klare oss betre på fleire ulike område i livet, i sosialt samspel, på skulen og i arbeidslivet.
For å fremme gode eksekutive funksjonar hos barn, treng vi kunnskap om kva som fremmar og hemmar god utvikling av desse evnene. Målet med denne avhandlinga er nettopp å bidra med slik kunnskap. Alle dei tre studiane som inngår i arbeidet er basert på data frå den langsgåande studien Tidleg trygg i Trondheim (TtiT) som starta i 2007 med kring tusen fire år gamle deltakarar og deira foreldre. Annakvart år er det samla inn informasjon frå barn, foreldre og lærarar ved hjelp av spørjeskjema, intervju og samspelsobservasjon. Denne avhandlinga brukar data frå då deltakarane var 6, 8, 10, 12 og 14 år.
Det har mangla gode, langsgåande studiar av korleis foreldre kan påverke utviklinga av eksekutive funksjonar. I den første artikkelen i avhandlinga har vi difor undersøkt kva kjenneteikn ved foreldra og deira foreldreskap som kan påverke barnet sin eksekutive funksjon. Tidlegare forsking indikerte at det sannsynlegvis var tre viktige faktorar ved foreldra som spelte ei rolle: sosioøkonomisk status, foreldra si mentale helse og foreldrestil. I tråd med dette fann vi at foreldra si utdanning predikerte god utvikling av eksekutive funksjonar, medan ein foreldrestil om kan karakteriserast som krass (at forelderen tek hardt i barnet, snakkar irettesettande til det etc.) predikerte negativ utvikling av eksekutive funksjonar.