Lundskogen Kolumbarium
Abstract
Eg ønsker å prosjektere arkitektur med fokus på dei umålbare kvalitetene lys og skugge kan gi. Med «umålbare kvaliteter» sikter eg på verdier som angår begrep som estetikk, kjensler, poesi og undring. Gjennom å teikne eit kolumbarium skal eg forsøke å skape rom der lyset og skuggen legg til rette for undring og omsorg. I tillegg skal eg bruke musikk som prosjekterende verktøy for å uttrykke umålbare verdier. Korleis oppdager ein umålbare kvaliteter? Korleis innlemmer ein umålbare kvaliteter i eit arkitektonisk prosjekt? Korleis kan ein formidle dei til andre til slutt, utan at prosjektet blir bygd?