Modalverb i gamalnorsk
Abstract
Til denne oppgåva har eg gått gjennom dei fem modalverba kunna, mega, munu, skulu og vilja i dei gamalnorske tekstane Thomassoga og Homilieboka. Eg har sett på kva ulike utfyllingar dei tek, kva modalitetstydingar dei kan ha og nokre bøyingsformer dei opptrer i. Dette har eg jamført mellom dei to gamalnorske tekstane og med moderne norsk, islandsk og færøysk for å sjå etter skilnadar og teikn på utvikling. Eg har òg diskutert definisjonen av modalverb.
Eg konkluderer med at mega, munu og skulu er dei mest typiske av dei norrøne modalverba, medan kunna og vilja er mindre typiske. Vidare ser eg at det moderne islandske modalverbinventaret liknar det norrøne mest, medan det norske ligg lengst vekk og det færøyske ein stad mellom dei to. In this thesis, I have looked at the five modal verbs kunna, mega, munu, skulu and vilja in the Old Norwegian texts Thomassoga and Homilieboka. I have focused on what kind of complements and modality readings we see for them, as well as some examples of specific conjugations of them. Furthermore, I compared the findings between the tho Old Norwegian texts as well as with modern Norwegian, Icelandic and Faroese. I also discussed the definition of modal verbs.
I conclude that mega, munu and skulu are the most typical of the Old Norse modal verbs, while kunna and vilja are less typical. Furthermore, I note that the modern Icelandic modal verbs are the most similar to those in Old Norse, while the Norwegian ones are the furthest away and the Faroese ones somewhere in between.