Bekymringsfullt skulefråvær blant elevar i barneskulen: Helsesjukepleiarar sine erfaringar
Description
Full text not available
Abstract
Hensikta med denne studien var å utforske korleis ulike helsesjukepleiarar erfarer å arbeide med bekymringsfullt skulefråvær blant elevar i barneskulen. Føremålet var å oppnå auka kunnskap om helsesjukepleiarar si rolle og identifisere eventuelle utfordringar og suksessfaktorar i samarbeidet med føresette, skulen og andre instansar kring bekymringsfullt skulefråvær.
Åtte helsesjukepleiarar knytt til skulehelsetenesta ved barneskular i ulike kommunar på Vestlandet deltok i studien. Dei vart rekruttert gjennom eit strategisk utval. Det vart utført individuelle kvalitative djupneintervju som tok utgangspunkt i ein semistrukturert intervjuguide for å utforske erfaringar med arbeid kring bekymringsfullt skulefråvær. Resultata er analysert fram gjennom refleksiv tematisk analyse og drøfta opp mot tidlegare forsking, teori og sentrale retningslinjer.
Hovudfunna i studien er at helsesjukepleiarar arbeidar helsefremmande og førebyggande på gruppe- og individnivå for å bidra til at elevar meistrar skulekvardagen og at dei kan medverke til eit viktig perspektiv når bekymringsfullt skulefråvær har oppstått. Helsesjukepleiarar kan hjelpe foreldra og andre samarbeidspartar til å sjå det store bilete og dra i same retning mot eit felles mål. Vidare kan dei bidra til tryggleik og meistring på ulike måtar avhengig av den enkelte elev eller familie sine utfordringar for å fremme skulenærvær. The purpose of this study was to explore how different public health nurses (PHNs) experience working with school attendance difficulties among pupils in primary school. The aim was to gain increased knowledge about the role of PHNs and to identify challenges and success factors in collaboration with parents, school staff and other relevant partners regarding school attendance difficulties.
Eight PHNs in school health services from various municipalities in Western Norway participated in this study. They were recruited through a strategic selection process. Individual qualitative in-depth interviews, based on a semi-structured interview guide, were conducted to explore experiences related to working with school attendance difficulties. The results were analysed through reflexive thematic analysis and discussed in light of previous research, theory and central guidelines.
The main findings of the study indicate that PHNs work proactively and preventively at both group and individual levels to help pupils cope with their school routines. They also play a crucial role concerning school absenteeism. PHNs can assist parents and other collaborators in understanding the bigger picture and working together towards a common goal. Furthermore, they contribute to security and well-being in various ways, tailored to the specific challenges faced by each pupil or family, ultimately promoting school attendance.