Prikketeikning som uttrykk for usynleg materie på småtrinnet
Master thesis
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for lærerutdanning [3967]
Abstract
I denne oppgåva vart elevar på 4. trinn inviterte til å bruke prikkar til å teikne ulikekvardagsfenomen relatert til usynlege materie i kjemi. Målet er å sjå korleis prikketeikningkan hjelpe elevane å uttrykkje seg. Eg tok for meg korleis teikning kan bli brukt som eitverktøy for elevar for å uttrykkje seg, og har problemstillinga: «Korleis kan elevar på 4.trinn bruke prikketeikning for å uttrykkje tankane sine rundt ulike usynlegekvardagsfenomen?». For å finne ut dette har eg formulert fire forskingsspørsmål: 1) Korleishar elevar uttrykt seg ved prikketeikning i oppgåver om usynlege fenomen? 2) På kva måtekan prikketeikning hjelpe eleven å vise tenkinga si? 3) Korleis kan prikketeikning hjelpelæraren å få innsyn i eleven si naturvitskapelege forståing rundt ulike kvardagsfenomen?4) I kva grad kan tekst og samtale med eleven tilføre meining til teikningane deira?
Tjue elevar i 4.-klasse fekk 5 teikneoppgåver inspirert av oppgåvene utvikla innanteikning saman med elevar (James, 2019) og kjemididaktisk forsking på barn sine idéarom fenomen på dette alderstrinnet (Allen, 2020; Smith & Plumley, 2016; Smith et al.,2006). Det blei så gjennomført samtale med 5 av elevane. Desse resultata blei brukt for åsvare på problemstillinga og forskingsspørsmåla.
Det blei gjort fleire interessante funn ved å bruke prikketeikning som verktøy for åuttrykkje tankane sine rundt usynlege fenomen. Elevane brukte teikningane aktivt iforklaringane sine, og dei klarte å kommunisere ganske vanskelege og omfattande idearpå ein enkel måte. Dette gjorde det enklare for vaksne å forstå idéen deira. Teikninganehadde stor variasjon i form, storleik, farge, posisjon og tettleik, og viste fleire tankar rundtfenomena. Det viste både interaksjon mellom ulike element i teikninga, samt rørsla deihadde. Variasjonen var også med på å skape usikkerheit rundt kva elevane ønska åvisualisere med prikkane. Tekst til oppgåvene og samtalen i etterkant tilførte mykje, dådet var med på å oppklare og utdjupe teikningane. Det var viktig å lese ei elevteikningmed ope sinn, då dei kan ha heilt andre tankar ved teikninga si enn ein kan tru ved førsteaugekast. Generelt sett var det viktigaste funnet at prikketeikning såg ut til å vere eit godtverktøy for elevar å uttrykkje seg. In this writing, 4th grade students had been invited to use dots to represent different dayto-day phenomena related to invisible matter in chemistry. The goal is to see how dotdrawing could be used as a tool for the students to express themselves. I took it upon meto research how drawing could be used as a tool for the students to express themselvesand have the following research problem: “How could students in the 4th grade use dotdrawing to express their ideas around different, invisible, day-to-day phenomena?”. To findan answer I have formulated the following four research questions: 1) How have thestudents expressed themselves through dot-drawing in exercises about invisiblephenomena? 2) In what way could dot drawing help the students show their thinking? 3)How could dot drawing help the teacher gain insight into the students’ scientificunderstanding of the different day-to-day phenomena? And 4) To what degree could a textand a conversation with the students add meaning to their drawings?
Twenty students in the 4th grade received 5 drawing exercises inspired by thestudies developed in the field of drawing with students (James, 2019), and chemistryeducation research carried out on this specific age group’s ideas about phenomena (Allen,2020; Smith & Plumely, 2016; Smith et. al. 2006). Afterwards, a conversation was carriedout with 5 of these students. The results were used to answer the research problem andquestions.
Several interesting findings were discovered by using dot-drawing as a tool toexpress thoughts about invisible phenomena. The students used the drawings actively intheir explanations and managed to communicate quite difficult and comprehensive ideasin a simple manner. This made it easier for the adults to understand their ideas. Thedrawings had huge variations in form, size, colour, position, and density, and showeddifferent ideas surrounding phenomena, such as the interactions between the differentelements and their movements in the drawing. The variation also contributed to uncertaintyas to what the students wished to represent with the dots. The added texts andconversations afterwards added a lot, as it contributed explanations of and elaborations onthe drawings. It was important to analyse each of the students’ drawings with an openmind, as they could have a completely different way of thinking about their drawings thanwhat one could assume at first sight. Generally, the most important finding was that thedrawings seem to be a good tool for the student to express themselves.