Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAnderson, Marit
dc.date.accessioned2015-09-18T11:48:01Z
dc.date.available2015-09-18T11:48:01Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/300755
dc.description.abstractBakgrunn Kroniske smerter er eit utbreidd helseproblem med negative konsekvensar både for dei som er råka og for samfunnet. Fibromyalgi (FM) er ein diagnose tett knytt til kroniske smerter, og det er funne at førekomst av kroniske smerter og FM i tidlegare generasjonar er ein risikofaktor for å utvikle FM. Likevel er det lite forsking som har sett på samanhengen mellom kronisk utbreidd smerte og FM hjå foreldre og førekomsten av FM hjå dei vaksne barna deira. Føremål Føremålet med denne studien er å undersøkje om utbreiinga kroniske smerter og FM hjå foreldre er relatert til førekomst av FM hjå dei vaksne barna deira. I tillegg vil ein sjå om desse samanhengane avheng av grad av fysisk aktivitet hjå barna. Metode Studien baserer seg på 11549 familietrioar, beståande av mor, far og barn, som har delteke i Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT). Undersøkinga har kartlagt førekomst av kroniske smerter og FM, samt fleire helse- og livsstilsrelaterte faktorar. Data på foreldra er henta frå HUNT 2 (1995–1007), medan data på barna er henta frå HUNT 3 (2006–2008). Logistisk regresjon er nytta for å berekne odds ratio (OR) med 95 % konfidensintervall (KI) for samanhengen mellom kroniske smerter og FM hjå foreldra og FM hjå barna. Resultat OR for samanhengen mellom FM hjå mor og FM hjå barn var 2,6 (95 % KI 1,8–3,8). Me fann også eit dose–respons-forhold mellom utbreiing av kroniske smerter hjå foreldra og FM hjå barna (p for trend < 0,001 for mor og 0,002 for far). Spesielt sterk var samanhengen dersom både mor og far rapporterte 5–10 smertepunkt eller FM (OR = 3,6 (95 % KI 1,9–7,0)). I tillegg var OR for samanhengen mellom FM hjå mor og FM hjå barna lågare for dei fysisk aktive barna samanlikna med dei inaktive (OR høvesvis 2,3 (95 % KI 1,5–3,6) og 3,7 (95 % KI 1,6–8,5)). Konklusjon Resultata frå denne studien indikerer ein positiv samanheng mellom kroniske smerter og FM hjå foreldre og FM hjå dei vaksne barna deira. Samanhengen er sterkast dersom begge foreldra rapporterer høgaste grad av utbreidd smerte og FM, men det er også ein sterk samanheng mellom mor og barn, uavhengig av kva far rapporterer. Resultata viser også at fysisk aktivitet hjå barna til ein viss grad kan redusere styrken på samanhengen mellom FM hjå mor og FM hjå barna.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNU
dc.titleSamanhengen mellom utbreiing av kroniske smerter og fibromyalgi hjå foreldre og fibromyalgi hjå dei vaksne barna deira : Helseundersøkinga i Nord-Trøndelagnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel