Kva er teknikken si pedagogiske grense?
Chapter
Published version
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2983986Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Om verda eigentleg går framover, er eit omstridt spørsmål. Men at vi gjer tekniske og teknologiske framsteg, er det ingen tvil om. I dag er dét særleg tydeleg når det gjeld digital teknologi som internett, mobiltelefonar og kunstig intelligens. Eit sentralt pedagogisk spørsmål er om slike tekniske framsteg kan utnyttast pedagogisk. Vil ny teknologi og teknikk bidra til betre opplæring og oppseding? I dette kapittelet skal vi forsøke å kaste lys over rolla teknikk og teknologi kan eller bør spele i pedagogisk verksemd. Grunnspørsmålet vi skal forsøke å svare på, er: Kva er teknikken si pedagogiske grense? Vi skal forsøke å få fram korleis det menneskelege subjektet qua subjekt utgjer ei slik grense: Teknikk og teknologi kan utvikle pedagogikken på mange måtar, men pedagogikken har også nokre irredusible menneskelege eller subjektive dimensjonar som teknikk og teknologi vanskeleg kan erstatte.