Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBraut, Signe
dc.date.accessioned2015-08-18T11:54:44Z
dc.date.available2015-08-18T11:54:44Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/297396
dc.description.abstractKjønnsidentitet er ein av dei mange delane som til saman skapar ein identitet. Denne identiteten oppstår ikkje i eit vakuum, men er ein del av ein prosess der ein forhandlar fram kven ein er, og kven ein ynskjer å vera. Ungdomsbokmarknaden har i lang tid vore prega av eit eksplisitt kjønnsskilje. I dag har desse grensene mjukna opp. Dei same romanane vert marknadsførte til både gutar og jenter. Det at den kjønnsspesifikke ungdomsbokmarknaden er i oppløysing, treng ikkje å tyde på at kjønnsnormerande strukturar ikkje er til stades. Formålet med masteroppgåva er å undersøke kva for kvinnemønster som kom til syne i dei mest lesne ungdomsromanane i Noreg, og korleis dei kvinnelege protagonistane handla ut kjønnet sitt. Basert på reservasjonstal frå Trondheim folkebibliotek, Bergen offentlige bibliotek og Deichmanske bibliotek, fann eg ut at dei mest lesne ungdomsromanane i Noreg var omsettingar av amerikanske romanar. Eg nytta difor Faen ta skjebnen (Green 2012), Divergent (Roth 2011) og Den forsvunne helten (Riordan 2013) som grunnlag for ei komparativ analyse. Det teoretiske grunnlaget er basert på Judith Butler sin performativitetsteori. Ifølgje Butler er ikkje kjønn naturgitt, og ikkje berre kulturelt påført, men noko sjølvet sjølv uttrykker gjennom ei rekke handlingar. Grunnlaget for desse handlingane ligg i eit opparbeidd siteringsmateriale. Ei kjønna handling, eller framføring, er eit sitat (av eit sitat av eit sitat…) av dei forventingane som ligg innafor kjønnsdiskursen. Slik vert individet eit subjekt som skapar identiteten ut frå visse strukturelle rammer. Funna syner ein tematisk samanheng mellom den tradisjonelle Bildungsromanen og samtidsromanane i utvalet. Bildungsromanen er opphavleg ein maskulin sjanger, og analysen viser somme etterslep frå dette. Det er ein påfallande mangel på kvinnelege referentar. Mødrene utgjer dei einaste kvinnelege førebileta. Når dei forsvinn eller vert borte, tek mannlege vener og kjærastar over posisjonen som signifikante andre. Dei unge kvinnene handlar difor i stor grad etter maskulin påverknad.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.subjectungdomslitteraturnb_NO
dc.subjectfaen ta skjebnennb_NO
dc.subjectden forsvunne heltennb_NO
dc.subjectungdomsromannb_NO
dc.titleNye kvinnemønster i populær ungdomslitteratur? - Ein komparativ analyse av tre ungdomsromanarnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel