Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVeum, Kristine Målsnes
dc.date.accessioned2015-08-18T11:20:19Z
dc.date.available2015-08-18T11:20:19Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/297386
dc.description.abstractIntroduksjon: 13 ergoterapeutar frå seks norske og ein svensk kommune er blitt intervjua om sine erfaringar med kvardagsrehabilitering. Helse- og samfunnsutfordringar i Noreg i dag tilseier at det er behov for helsetenester som kan gi brukarane større mogelegheit til å mestre kvardagsaktivitetar, vera sjølvhjelpne og kunne bu lengst mogeleg heime. Ergoterapeutar sin kjernekompetanse på aktivitet og oppgåveorientert tilnærming gir brukar mogelegheit til å trene på sjølvbestemte meiningsfulle aktivitetar i vande omgivnader. Målet er at brukar skal mestre desse aktivitetane på eigahand når kvardagsrehabilitering er avslutta, og dermed oppnå ein høgare livskvalitet. Teori: Relevante tema som blir belyst er profesjonsteori, rollar, tverrfagleg samarbeid, profesjonskamp, brukarmedverknad og brukarstyring. Metode: Studien har eit kvalitativt forskingsdesign for å belyse informantane sine erfaringar. Den metodologiske tilnærminga tek først og fremst utgangspunkt i Grounded theory, som ved hjelp av koding av materialet skal finne mønster og samanhengar som belyser informantane sitt hovudbodskap. For å sikre at informantane sine erfaringar også kjem tydeleg fram, blir det brukt ei fenomenologisk inspirert tilnærming. Resultat: Kvardagsrehabilitering har gitt ergoterapeutar meir rom for å jobbe med aktivitetar gjennom oppgåveorientert tilnærming der trenarrollen er sentral. Nokre informantar opplever å ha ei nøkkelrolle, og ønskjer difor ei koordinator/ leiarrolle, medan andre legg meir vekt på det samla bidrag frå alle faggrupper. Kunnskapsgrunnlaget til ergoterapeutane er bygd på både teoretisk, erfarings- og praksisbasert kunnskap, i tillegg til at brukarfokus og brukaren sin eigen erfaring spelar ei viktig rolle. Rollen som veiledar er sentral, og det kjem fram kontrastar der dei norske informantane har ei meir teoretisert overføringslæring til pleiepersonalet, medan dei svenske har ei meir praktisk tilnærming der dei oftast er ute hos brukar og veiledar. Eit tverrfagleg samarbeid med eit felles rehabiliterande tankesett er avgjerande for å få til kvardagsrehabiliteringa. Diskusjon: Resultata kan sjåast i ein samanheng der aktivitet, rollar, kunnskap og samarbeid blir dei mest sentrale tema. Rolleavklaring, profesjonskamp og samarbeidsstrategiar er viktige tema å ta i betraktning. Konklusjon: Denne studien kan brukast til å forstå ergoterapeutar sine erfaringar med kvardagsrehabilitering, og ut frå det vurdere viktige element for vidare implementering. Ergoterapeutar ser ut til å ha viktig kunnskap å bidra med i denne prosessen.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleErgoterapeutar sine erfaringar med kvardagsrehabilitering - Ei kvalitativ studie frå seks norsk og ein svensk kommunenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel