"Må berre game litt til": Ein kvalitativ studie av studentar sitt forhold til søvn
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2825101Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for psykologi [2885]
Beskrivelse
Full text not available
Sammendrag
Dårleg søvn er utbreidd hjå universitetsstudentar, og har blitt assosiert med ein auka risiko for utvikling av mentale lidingar og dårleg akademisk prestasjon. Det er difor kritisk å forstå kva som forårsakar søvnvanskar eller mangel på søvn hjå denne gruppa. Det overordna formålet med denne studien var å bringe fram kvalitativ kunnskap om studentar sine oppfatningar og opplevingar av søvn. Vidare var det eit mål å gi kunnskap om kva som utgjer viktige fasilitatorar og barrierar for god søvn for denne gruppa, og korleis dei opplever at søvnen påverkar dei. Problemstillinga for studien var: Kva forhold har studentar til søvn? For å undersøkje dette, har det blitt utført ti semistrukturerte djupneintervju av studentar ved Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet (NTNU).Tematisk analyse vart nytta for å analysere data. Det vart identifisert fem overordna tema: 1) Teknologi som fasilitator og barriere for søvn, 2) Den viktige, men utfordrande aktivitetsbalansen, 3) Ansvar for eigen søvn gjennom oppvekst, erfaring og kunnskap, 4) Aksept for variasjon og periodar med dårleg søvn og 5) Søvn som mat for kropp, hovud og hjarte. Elektroniske media var med på å forskyve søvnen for dei fleste. Søvnappar vart i hovudsak opplevd som å bidra til betre søvnpraksis og auke kunnskap om eigen søvn. Vidare utgjorde internett ei viktig informasjonskjelde for søvn. Ulike formar for aktivitet vart opplevd som viktig for søvnen. Derimot førte for mange aktivitetar i kvardagen til at søvnen nokre gongar måtte nedprioriterast. Særleg synast sosiale aktivitetar å bli prioritert. Ved byrjinga av covid-19 fekk studentane ein pause frå eit hektisk liv, og fleire opplevde dette som positivt for eigen søvn. Både oppvekst, livserfaring og kunnskap påverka informantane sitt forhold til søvn. I tillegg opplevde dei det som normalt at søvnen varierte avhengig av ulike formar for stressorar. Studentane hadde kunnskap om det gjensidige forholdet mellom søvn og helse. Vidare opplevde dei at dårleg søvn gjekk utover kognisjon, kjensleliv, motivasjon og stressnivå. Resultata indikerer at framtidige søvnintervensjonar for denne gruppa bør adressere både individuelle, sosiale og kontekstuelle aspekt. I tillegg belyser denne studien at appbaserte intervensjonar kan nyttast for å betre studentar sin søvnpraksis. Poor and insufficient sleep is common in university students, and has been associated with an increased risk of mental illness and poor academic achievement. It’s therefore critical to understand what causes poor sleep among students. The main purpose of this study was to produce qualitative knowledge about students experiences and perceptions about sleep. Further, an aim was to produce knowledge of facilitators and barriers to good sleep, and how they get impacted by sleep. The research question for this study was: What relationship do students have with sleep? To investigate this, ten university students at Norwegian University of Science and Technology (NTNU) were interviewed using in-depth semi-structured interviews. Thematic analysis was used to analyze the data. Five main themes were identified: 1) Technology as facilitator and barrier to sleep, 2) The important, but challenging activity balance, 3) Responsibility for own sleep through upbringing, life experience and knowledge, 4) Acceptance for variation and periods of poor sleep and 5) Sleep as food for the body, mind and heart. The use of electronic media delayed sleep for most of the students. The students experienced sleep apps as a facilitator for better sleep practice. Further, internet was an important source of information concerning sleep. Different activities were perceived as facilitators for good sleep, but too many activities during the week made it hard to get enough sleep. Especially, social activities were prioritized. At the onset of covid-19 the students got a break from a hectic lifestyle. Many experienced this as positive for their sleep. Upbringing, life experience and knowledge seem to have an impact on student’s relationship to sleep. For them, it was normal that different stressors caused nights or periods of poor sleep. Further, this study shows that students have knowledge about the bidirectional relationship between sleep and health. They also experienced that poor sleep had an impact on their cognition, emotions, motivations and stress level. The results indicates that interventions should address individual, social, as well as contextual factors, and that app-based interventions can be used to better sleep practice among university students.