Show simple item record

dc.contributor.authorFlatabø, Guttorm
dc.date.accessioned2015-03-19T14:40:49Z
dc.date.available2015-03-19T14:40:49Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/279786
dc.description.abstractMedan reiselivsbedrifter i distriktet før i tida var heldige om dei fekk besøk av ein reisehandbokforfattar, kan kvar einaste gjest i dag legge ut ein omtale av bedrifta og tenestene den tilbyr på sosiale medium på Internett. Gjerne saman med ei stjernevurdering som indikerer kvaliteten på produktet. På mange måtar må kvar einaste gjest i dag behandlast som om han er ein reisehandbokforfattar, og sosiale medium som den nye jungeltelegrafen. Dette kan sjølvsagt vere arbeidsamt for bedriftene, men det kan også verke positivt skjerpande og opnar for nye moglegheiter både for etablerte og nye aktørar i det distriktsbaserte reiselivet. Sosiale medium er ikkje eit klart definert omgrep, men blir her grundig drøfta for å synleggjere den store breidda i tenester som høyrer inn under omgrepet, og kan vere aktuelle for reiselivsbedrifter å nytte seg av. Oppgåva gjev ei oversikt over kva sosiale nettenester som er aktuelle for det distriktsbaserte reiselivet i Sogn og Fjordane, kva tenester som er i bruk i dag, kva tenester turistane som kjem til området oppgir å bruke, og korleis tenestene blir brukte. Eit utval bedrifter som har blitt intervjua blir spesielt presenterte med forteljingar om deira bedrift og bruk av sosiale medium. Kva tenester som kan vere spesielt eigna i distriktsbasert reiseliv blir også drøfta. Dette blir så analysert i eit aktør-nettverk-teoretisk perspektiv. Analysen viser at ulike skript formar korleis ulike tenester blir tekne i bruk og kor nyttige dei er for turistane. Reiselivsverksemdene har domestisert tenestene, helst med utgangspunkt i kva dei kjenner til privat, og i liten grad strategisk og planmessig. Det ser ut til at reiselivsbransjen burde sjå mindre på kva som er sosialt og kvar ein kan marknadsføre seg, og meir på kva sosiale medium som faktisk tilbyr nyttig informasjon til turistane. Det er også tydeleg at måten dei ulike tenestene er utforma og oppfører seg, skriptet som styrer bruken av dei, har mykje å seie for turistane sin bruk.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleUt på tur, alltid på nett - Sosiale medium i distriktsbasert reiseliv, med utgangspunkt i Sogn og Fjordanenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record