Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMæhlum, Brit Kirsten
dc.contributor.authorRøe, Knut
dc.date.accessioned2021-09-24T18:36:13Z
dc.date.available2021-09-24T18:36:13Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.ntnu:inspera:77752186:14764927
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2781989
dc.description.abstractDenne masteroppgåva er skriven innafor fagfeltet sosiolingvistikk, med fokus på dialekt, identitet og intraindividuell variasjon hjå oppdalingar i Trondheim. Formålet til oppgåva er å finne ut oppdalingar som flyttar til Trondheim for å studere varierer talemålet sitt i møte med ein trondheimar, i kor stor grad språket deira blir variert, samt kva årsaken til den intraindividuelle variasjonen kan vere. Det empiriske grunnlaget for oppgåva er kvalitative djupneintervju med to informantar frå Oppdal som har flytta til Trondheim for å studere. Dei vart først intervjua av ein person frå Trondheim som pratar trondheimsmål, for så å bli intervjua av ein person frå Oppdal som pratar oppdalsmål. I analysen har eg bruka språklege variablar for å kunne talfeste varieringa mellom desse to intervjua, og i oppgåva blir informantane sitt språk samanlikna for å sjå i kor stor grad dei varierer språket sitt mellom dei to situasjonane. Informantane blir og samanlikna med kvarandre for å sjå om det finst likskapstrekk mellom språket til dei to. Resultatet frå analysen viser ein grad av intraindividuell variasjon mellom dei to situasjonane, og båe språkbrukarane i mitt datamateriale gjer ei språkleg tilpassing til sin samtalepartner i dei aktuelle situasjonane. Samstundes kjem det tydeleg fram i datamaterialet at visse språklege variablar blir modifiserte òg i situasjonen der dei fører ei samtale med ein samtalepartner frå heimstaden Oppdal, noko som kan tyde på at ei kontinuerleg språkleg tilpassing over tid har ført til ei meir varig språkleg endring hjå mine informantar. Desse funna blir i denne oppgåva knytt opp mot relevant sosiolingvistisk teori, mellom anna den språklege akkommodasjonsteorien og samspelet mellom språk og identitet, for å freiste å kome med ei forklaring på kvifor informantane modifiserer språket sitt i møte med det trondheimske.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.title"Dæ æ litt flaut når folk sie e ha lagt om": Ein sosiolingvistisk studie av talemålsvariasjon blant oppdalingar i Trondheim.
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel