Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHårstad, Stian
dc.contributor.authorHånes, Birgitte Sæter
dc.date.accessioned2021-09-24T18:34:37Z
dc.date.available2021-09-24T18:34:37Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.ntnu:inspera:77752186:14968669
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2781946
dc.description.abstractDenne masteroppgåva har som mål å få djupare innsikt i korleis samspelet mellom dialektnær skriving og bokmålspåverknad kan prege rettskrivinga til elevar med nynorsk som hovudmål. I oppgåva analyserer eg normavvik i 23 elevtekstar skrivne av nynorskelevar frå ein vidaregåande skule i Ålesund-regionen. For ei djupare forståing for kva mekanismar som kan tenkast å ligge bak utfordringane nynorskelevar har med rettskriving, intervjuar eg fire av skrivarane bak tekstane. I tillegg til å undersøke bokmåls- og talemålssamanfall som faktorar i nynorskrettskrivinga gir studien innblikk i eit utval elevar sine refleksjonar knytte til eigne skriftpraksisar i formelle og uformelle skrivesituasjonar, nynorsknorm, dialektnær skriving, norm- og mottakarforventningar og kontekstbundne normer for kva som er korrekt eller passande språkbruk. Resultata i undersøkinga viser at 35 % av avvika er «reine» bokmålssamanfall, medan 28 % av avvika er «reine» talemålssamanfall. Heile 53,3 % av avvika fell saman med både bokmålsnorma og talemålet til elevane. Sjølvrapporteringa frå elevane, synleggjer at dei har lite kunnskap om valfridommen i nynorsk og den gjeldande nynorsknorma. Sjølv om elevane gir uttrykk for at dei er opptatt av «å skrive så korrekt som mogleg», er det tydeleg at skriftpraksisen deira blir styrt av fleire normer, og at dei såleis ofte driv med skriftspråkleg veksling mellom nynorsk, bokmål og dialektnær skriving. Særleg bokmålsdominansen i det norske språksamfunnet og det at elevane er vant til å skrive dialekt i private samanhengar, ser ut til å påverke nynorskrettskrivinga deira. Til tross for dette ser det ut til at elevane til ein viss grad har internalisert ein tekstkulturell kompetanse, der dei tydeleg skil mellom ulike språklege uttrykksformer alt etter kva som er mediet og kven som er mottakaren.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.title"Når du skal skrive nynorsk, så blandar det seg litt" - Ein studie av normavvik i nynorske elevtekstar
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel