Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSkare Malvik, Anders
dc.contributor.authorSøyland, Jofrid
dc.date.accessioned2021-09-24T18:33:54Z
dc.date.available2021-09-24T18:33:54Z
dc.date.issued2020
dc.identifierno.ntnu:inspera:67101758:8618393
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2781920
dc.description.abstractI denne oppgåva tek eg føre meg korleis skjønnlitteratur som inngang til vanskelege tema kan bidra til empatiutvikling hjå elevar i vidaregåande skule, og kvifor det er viktig. Eg analyserer romanen Av måneskinn gror det ingenting og ser på korleis ulike aspekt ved romanen oppfordrar til empati hjå lesaren, og korleis dette kan realisera ambisjonane til to nye tverrfaglege tema i fagfornyinga. Dei teoretiske inngangane mine er delte i det skulespesifikke og det litteraturspesifikke, men fellesnemnaren er skjønnlitteratur, lesar og kjensler. Analysen har tre hovuddelar, som samla sett gjev eit bilete av korleis Av måneskinn gror det ingenting kan gje elevar ein innlevande inngang til vanskelege tema som abort, einsemd og overgrep. Gjennom empatiutvikling og førestellingsevne har dette potensiale til å gjera dei til betre medborgarar og lyttarar, som meistrar livet meir. Den første delen tek føre seg korleis samspelet mellom den ytre rammeforteljinga og den mannlege forteljaren der, og den indre rammeforteljinga og den kvinnelege forteljaren der utgjer ein slags læringssituasjon av kjensler. Den andre delen tek føre seg korleis hovudkarakteren og situasjonen kan føra til karakteridentifisering og auka empati, og korleis dei kjensleframkallande verkemidla om kulda og måneskinet kan verka inn på lesaren. Den tredje delen tek føre seg nokre tematiske inngangar frå romanen til empati. I neste del drøftar eg kvifor det er så viktig med denne typen inngang i skulen, blant anna med tanke på kjensler som ei grunnleggjande ferdigheit. Her vil eg spesifikt sjå på romanen opp mot dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring og demokrati og medborgarskap. Avslutningsvis vil eg oppsummera hovudpunkta i oppgåva, og slik koma med eit tentativt svar på problemstillinga. Ein kort refleksjon om oppgåva sin relevans for lektoryrket vil koma sist.
dc.description.abstract
dc.language
dc.publisherNTNU
dc.titleAv måneskinn gror det (ikkje) menneskesinn
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel