Show simple item record

dc.contributor.advisorKlomsten, Anne Torhildnb_NO
dc.contributor.authorRishovd, Trinenb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:39:42Z
dc.date.available2014-12-19T14:39:42Z
dc.date.created2014-05-02nb_NO
dc.date.issued2013nb_NO
dc.identifier715280nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/269916
dc.description.abstractDenne studien har undersøkt om det er skilnad mellom jenter og gutars referansemønster i kroppsøvingsfaget, sett i lys av fysisk sjølvoppfatning. Forskingsspørsmåla belyser kven elevane samanliknar seg med ved ulike aktivitetar og fysiske eigenskapar i kroppsøving, om det er meir samanlikning blant jenter enn gutar, om gutar alltid har meir positiv fysisk sjølvoppfaning og om ein kan sjå fellestrekk mellom fysisk sjølvoppfatning og referansrammene. Festinger (1954) hevdar i sin teori at det ligg som eit behov i alle individ å samanlikne seg med andre. Skulen er ein sentral arena for sosial samanlikning, og klassen er kanskje den viktigaste referanseramma barn og unge har. Spesielt i kroppsøving er det enkelt å samanlikne eigen kropp og prestasjonar med andre, då dette er svært synleg i eit fysisk fag. Å samanlikne seg med andre utgjer ein av dei mest sentrale kjeldene til påverking av sjølvoppfatning. Forskning viser at jenter vurderer seg meir negativt og har lågare fysisk sjølvoppfatning enn gutar, og at samanlikning med andre som presterer betre er ei årsak til meir negativ sjølvoppfatning. For å belyse problemstillinga og spørsmåla er kvantitativ metode nytta, og data samla inn gjennom eit surveydesign. Utvalet besto av 221 elevar, 117 jenter og 104 gutar, frå 8., 9. og 10.trinn. Elevane besvarte eit spørjeskjema medan eg var til stades i klassen for å informere og vere tilgjengeleg for spørsmål. Skjemaet inneheldt spørsmål om kven elevane samanlikna seg med ved vurdering av eigne fysiske eigenskapar og ved spesifikke kroppsøvingsaktivitetar, og ei rekkje påstandar om eigne fysiske evner elevane skulle seie seg einig eller ueinig i gjennom ein gradert skala. Analysane som er nytta er t-test for to uavhengige grupper og krysstabellar med kjikvadrat. Resultata viser at det er skilnad mellom jenter og gutar sine referanserammer i kroppsøving. Referansemønstera varierer med hensyn på både fysisk eigenskap og aktivitet, der gutane i hovudsak samanliknar seg med same kjønn, medan jentene oftare enn gutane samanliknar seg med motsett kjønn, og forskjellane mellom jenter og gutar er signifikante. Det er også meir sosial samanlikning blant jenter generelt sett. I dei tilfella der gutar samanliknar seg med jenter er det som regel snakk om det som er sett på som ein femini eigenskap/aktivitet. Gutar har også generelt meir positiv fysisk sjølvoppfatning, utanom ved variabelen smidigheit der jenter skårar høgst, men forskjellen der er ikkje signifikant (p =.192). Resultata blir diskutert i lys av tidlegare forsking og aktuell teori.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Pedagogisk instituttnb_NO
dc.titleSosial samanlikning i kroppsøving: Ein kvantitativ studie om jenter og gutar sine referansemønster i kroppsøvingsfaget på ungdomsskulennb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber45nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Pedagogisk instituttnb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record