Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorValås, Haraldnb_NO
dc.contributor.authorSætrevik, Ragnhild Heimarknb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:39:25Z
dc.date.available2014-12-19T14:39:25Z
dc.date.created2013-04-24nb_NO
dc.date.issued2012nb_NO
dc.identifier617820nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/269788
dc.description.abstractBakgrunn: Barn som har opplæring etter Opplæringslova § 2-6 har to ulike skular og to ulike språk å forhalde seg til. Dei fleste barna som blir født døve i dag får operert inn cochleaimplantat som gir dei moglegheit å oppfatte talespråk. I samfunnet og media har det pågått ein del diskusjonar om kva som er det beste for desse barna, bør fokuset vere mest mogleg på talespråk, eller bør ein ha ei tospråkleg tilnærming? Ein har også vurdert om kompetansesenterskulane for høyrselhemma bør oppretthaldast, eller om det ikkje er noko godt grunnlag for å behalde desse skulane lengre. Eg ynskjer å finne ut kva elevane med opplæring etter § 2-6 sjølv meiner om å ha to skular og to språk å forhalde seg til. Problemstilling: Kva identitet har elevane med CI og med opplæring etter § 2-6? Fokuset vil vere deira eiga oppleving av å vere døv eller høyrande. Gjennom å sjå kva vener dei har på dei ulike skulane, og kva språk dei nyttar seg av, vil ein kunne finne ut kvar det ser ut til at dei har si tilknyting. Metode: Det er nytta ein kvalitativ metode. Det er gjort intervju av to elevar med CI og opplæring etter § 2-6, samt dei to lærarane som er teiknspråklærarar på heimeskulen. Elevane går siste åra på barneskulen, og har lang erfaring med å vere deltidselevar ved ein senterskule. Funn og oppsummering: Begge elevane ser på seg sjølv som «midt i mellom» høyrande og døv. Dei har begge vener både på heimeskulen og på senterskulen, og dei ser ut til å trivast begge stadane. Det ein ser er eit dilemma, er at elevane opplever at dei ikkje treng å lære seg teiknspråk på heimeskulen. På heimeskulen har dei få eller ingen elevar som nyttar seg av teiknspråk til dei, og dei sjølve brukar det veldig lite i kommunikasjon med andre. Teiknspråkopplæringa kjem i tillegg til vanleg skuledag, og elevane opplever at dette er slitsamt. Lærarane deira er usikker på sin eigen kompetanse i teiknspråk, og opplever at opplæringa ikkje blir god nok. Dei ser også at når elevane kjem til senterskulen der teiknspråket blir utført i eit raskare tempo, og med eit rikare ordforråd enn det dei klarar å få til på heimeskulen, går dei glipp av det som blir formidla. Ein får likevel eit inntrykk av at elevane i denne studien har ein kvardag der dei opplever å bli forstått, og har vener både på senterskulen og heimeskulen. For dei har opphalda på senterskulen bidrege til at dei har møtt andre elevar som dei kan samanlikne seg med, og såleis fått eit godt grunnlag for å kunne finne sin identitet.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Pedagogisk instituttnb_NO
dc.subjectSocial and Behavioural Science, Lawen_GB
dc.title«Midt i mellom»: Ei kvalitativ undersøking av to elevar med opplæring etter § 2-6 og deira erfaringar med å vere knytt til to skular. Med fokus på språk, venskap og identitetnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber45nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Pedagogisk instituttnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel