Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorKarlsdottir, Ragnheidurnb_NO
dc.contributor.authorEikelund, Oddny Handegårdnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:39:01Z
dc.date.available2014-12-19T14:39:01Z
dc.date.created2012-09-04nb_NO
dc.date.issued2012nb_NO
dc.identifier549479nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/269619
dc.description.abstractDette fenomenologiske studiet ser nærare på dyktige lærarar i møte med det auka elevmangfaldet i skulen. Studiet byggjer på følgjande problemstilling: Korleis opplev tre lærarar som underviser elevar ved yrkesfaglege programfag møtet med det auka elevmangfaldet i den vidaregåande skulen?  To underspørsmål vart formulert for å belyse den overordna problemstillinga: Kva utfordringar opplever lærarane i møte med det auka elevmangfaldet? Korleis imøtekjem lærarane elevmangfaldet på ein profesjonell måte? Fokuset har særleg vore på korleis lærarane imøtekjem elevmangfaldet på ein profesjonell måte. Dette fordi noko av hensikta med studiet er å vinne innsikt i korleis ein kan førebyggje og hindre fråfall i den vidaregåande skulen. Det empiriske materialet baserer seg på delvis strukturerte, kvalitative intervju av tre dyktige lærarar med lite fråfall i sine elevgrupper. Intervjua vart tekne opp på band og transkribert før materialet deretter vart analysert. Resultatet av analysa viste kva utfordringar lærarane opplev i møte elevmangfaldet, der utfordringar knytt til eit vidt spekter av behov og føresetnader blant elevane, og det å skulle motivere eit mangfald av elevar, var framtredande. Vidare viste resultatet av analysa tre kategoriar, eller hovudtema, som belyser korleis forskingsdeltakarane imøtekjem elevmangfaldet på ein profesjonell måte. Lærarane imøtekjem elevmangfaldet ved 1)Å etablere tillit og relasjonar, 2) Å tilpasse undervisninga til eit mangfald av elevar og 3) Å motivere elevane og styrke deira sjølvtillit. Den første kategorien omhandlar korleis lærarane søkjer å bli kjent med elevane, og korleis dei møter elevane med respekt og forståing, for slik å etablere tillit og gode relasjonar. Den andre kategorien tek for seg korleis lærarane ved hjelp av innsikt i elevane sine læreføresetnader, samt differensiering av undervisning og arbeidsmetodar, tilpassar opplæringa i møte med elevmangfaldet. Den tredje kategorien femner om korleis lærarane gjennom å sørgje for opp-backing, meistringsopplevingar og elevmedverknad, motiverer elevane og styrkar deira sjølvtillit. Funna vert drøfta i lys av teori om relasjonar, didaktikk, teori om forventning om meistring (self-efficacy) av Bandura, samt Deci og Ryan sin teori om sjølvbestemming (self-determination theory).nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Pedagogisk instituttnb_NO
dc.subjectSocial and Behavioural Science, Lawen_GB
dc.titleFråfall – rom for elevmangfaldet i den vidaregåande skulen?: Ei fenomenologisk studie om korleis tre lærarar som underviser elevar ved yrkesfaglege programfag opplever og imøtekjem utfordringar ved det auka elevmangfaldet i den vidaregåande skulennb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Pedagogisk instituttnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel