Show simple item record

dc.contributor.advisorEikemo, Terje Andreasnb_NO
dc.contributor.authorRydland, Håvard Thorsennb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:36:43Z
dc.date.available2014-12-19T14:36:43Z
dc.date.created2014-08-22nb_NO
dc.date.issued2014nb_NO
dc.identifier739917nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/268810
dc.description.abstractStudieobjektet for denne masteroppgåva er tilliten europeiske borgarar frå 14 land syner til helevesena deira i spørjeundersøkinga European Values Survey. Gjennom logistisk fleirnivåanalyse siktar eg på å identifisere signifikante effektar på tilliten, og gjennom diskusjon av desse effektane vil eg få fram kvifor skilnader i tillit på individ- og samfunnsnivå ikkje berre indikerer kvaliteten på helsevesenet, men også korleis velferdsstaten løyser arbeidsdelinga og definerer eit demokratisk medborgarskap. Variablane for inntekt og god helse har positiv signifikant effekt på individnivå, medan å vere kvinne samanlikna med å vere mann, å vere mellom 20 og 64 år samanlikna med å vere 65 og over og å ha vidaregåande skule som høgaste fullførte utdanning samanlikna med å ha fullført universitet eller høgskule har ein signifikant negativ effekt. Effekten av klassevariabelen er ikkje sterk nok til å verte statistisk signifikant på eit akseptabelt nivå. Det same kan eg skrive om variablane på landnivå; verken tilhøyrsel i Claus Wendts (2011) helsesystem eller ulikskapar i fordelinga av rekninga i helsesektoren har ein sterk effekt på tilliten til helsevesenet. I to meir avanserte modellar undersøker eg om inntektseffekten på tillit varierte mellom land, og om denne effekten i så fall samvarierer med helsesystemtypologien. Eg finn ut at effekten av inntekt er ulik mellom landa i undersøkinga, men at tilhøyrsel i helsesystema ikkje forklarar denne variansen. Niklas Luhmann, Émile Durkheim og T.H. Marshall bidreg til det teoretiske grunnlaget for oppgåva. I diskusjonskapitlet koplar eg resultata frå analysen med desse teoretiseringane. Eg syner at dei fråverande effektane av helsesystem kan tyde på at dei ulike typane helsesystem på ulike vis genererer tillit og at dei difor til ein viss grad oppfyller arbeidsdelinga i helsesektoren. Sett opp i mot teoriane til T.H. Marshall om demokratisk medborgarskap tyder den svake effekten av helsesystem også på at universalitet i velferdsordningar ikkje er nødvendigvis er avgjerande for om medborgarskapet er inkluderande og demokratisk. Like fullt syner analysen at ein del av variansen i tillit til helsevesenet ligg på landnivå, og sidan dei kontekstuelle variablane i modellane ikkje har ein signifikant effekt, ver denne variansen ståande uforklart. Difor føreslår eg at ein i vidare forsking kan freiste finne ut kva som forklarar denne variansen, anten gjennom konstruksjon av nye typologiar eller gjennom ein nærare gjennomgang av indikatorane som utgjer den nytta typologien.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for sosiologi og statsvitenskapnb_NO
dc.titleNår helsa går på tilliten laus: Ein fleirnivåanalyse av tillit til nasjonale helsevesennb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for sosiologi og statsvitenskapnb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record