Show simple item record

dc.contributor.advisorReitan, Maritnb_NO
dc.contributor.authorHarneshaug, Kjell Arnenb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:36:09Z
dc.date.available2014-12-19T14:36:09Z
dc.date.created2012-10-03nb_NO
dc.date.issued2012nb_NO
dc.identifier558459nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/268563
dc.description.abstractDenne case-studien undersøkjer styreroller og ansvarsforhold i det tidlegare styret i Helse Midt-Noreg RHF. Styret vart avsett som heilskap av statsråd Anne-Grethe Strøm-Erichsen 30. januar i år (2012). Vel ein månad etter avsettinga intervjua eg ti av i alt 13 styremedlemmar. Studien undersøkjer tre styreroller: ei strategirolle, ei kontrollrolle og ei representasjons-/legitimeringsrolle. I tillegg undersøkjer studien føresetnadane om gjensidig rolleforståing og balanse mellom statleg styring og regionalt sjølvstende. Trass i at styremedlemmane responderer positivt på strategi- og kontrollrolla, avvik svara på fleire punkt frå intensjonen og dei formelle retningslinene i styringsmodellen. Styremedlemmane er jamt over samstemde i at ansvarsforholda og signala frå eigar har vore uklare. Balansen mellom statleg styring og regionalt sjølvstende er heller ikkje funne. I tillegg innrømmer styremedlemmane at det har vore representasjon i einskildsaker. Dei har òg vore opptekne av å legitimere avgjerder. Studien tek utgangspunkt i konkrete sakskompleks og analyserer hendingane frå tre teoretiske perspektiv: Eit instrumentelt, eit institusjonelt og eit omgjevnadsperspektiv. Det instrumentelle perspektivet viser at tvitydige reformelement frå New Public Management-retninga gjev uklare grenseoppgangar mellom statleg styring og regionalt sjølvstende. Dette ser ut til å gjere relasjonen mellom eigar og styret vanskeleg. I tillegg sikrar ikkje organisasjonsstrukturen god nok kommunikasjon i den vertikale koordineringa. Det institusjonelle perspektivet viser at innarbeidde tenkjemåtar har gjort at styret til ein viss grad har hatt eigne mål og ein eigen logikk. Desse har vore robuste, og ført til at styret har sett vekk ifrå formelle retningsliner, og modifisert eller avvist styringssignal. Omgjevnadsperspektivet analyserer representasjon, legitimering og saksgang i lys av ein meir grunnleggjande diskusjon. Ved å kople omgjevnadsperspektivet til demokratiteori formar studien ein forklaringsmodell med utgangspunk i to ulike demokratiideal. Denne forklaringsmodellen gjev eit perspektiv på korleis dynamikken i styringa, i møte med press frå omgjevnaden, kan vere eit resultat av ei manglande prinsipiell avklaring av dei demokratiske elementa i styringsmodellen. På grunn av demokratiforståinga i omgjevnaden, må styringa på ein eller annan måte svare til forventningar om input.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for sosiologi og statsvitenskapnb_NO
dc.titleEin case-studie av styret i Helse Midt-Noreg RHF: i skjeringsfeltet mellom geografiske, politiske, økonomiske og helsefaglege omsynnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber104nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for sosiologi og statsvitenskapnb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record