dc.contributor.author | Tyldum, Eva Veslemøy | nb_NO |
dc.date.accessioned | 2014-12-19T14:23:46Z | |
dc.date.available | 2014-12-19T14:23:46Z | |
dc.date.created | 2012-01-16 | nb_NO |
dc.date.issued | 2011 | nb_NO |
dc.identifier | 478382 | nb_NO |
dc.identifier.isbn | 978-82-471-2602-8 (printed ver.) | nb_NO |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/264758 | |
dc.description.abstract | Hjarte-/karfunksjon ved svangerskapsforgifting – med fokus på venstre ventrikkelfunksjon, endotelfunksjon og fysisk aktivitet før svangerskapet
Endotelet, det innerste cellelaget i blodårene, hjartekamra og lymfeårene, spelar ei viktig fysiologisk rolle gjennom mellom anna å vere med på å regulere blodårediameteren. For å måle endotelfunksjonen er det utvikla ein ultralydbasert metode, men denne metoden er forbunden med ein del variabilitet. Gjennom å undersøke kva som var den viktigaste kjelda til variabiliteten, fann vi at sjølve analyseprosessen bidrog mest. Ved å analysere ultralydbileta tre gongar vil variabiliteten reduserast med 30%.
Endoteldysfunksjon er sentral i sjukdomsutviklinga både ved svangerskapsforgifting og ved hjarte-/karsjukdom. Kvinner som har hatt svangerskapsforgifting, har også auka risiko for hjarte-/karsjukdom seinare i livet, og det kan tenkast at denne auka risikoen er knytta til endoteldysfunksjon. Vi undersøkte om hjarte- og endotelfunksjon var redusert hos kvinner med svangerskapsforgifting, både under svangerskapet og tre månader etter fødsel. Hjartefunksjonen var redusert under svangerskapet, men hadde normalisert seg tre månader etter fødsel. Vi fann ingen statistisk signifikant reduksjon i endotelfunksjon under svangerskapsforgifting, men tre månader etter fødsel var endotelfunksjonen signifikant redusert i svangerskapsforgiftingsgruppa.
Funna våre viser at hjartefunksjonen truleg er meir påvirka under svangerskapet ved svangerskapsforgifting enn tidlegare antatt, men resultata styrker ikkje hypotesen om at det er ei direkte kopling mellom endoteldysfunksjon og svekka hjartefunksjon ved svangerskapsforgifting.
Endoteldysfunskjon kan betrast ved trening, og trening reduserer risikoen for hjarte-/karsjukdom. Det kan difor tenkast at trening før svangerskapet reduserer risikoen for svangerskapsforgifting. Vi undersøkte risikoen for utvikling av svangerskapsforgifting i forhold til nivået av fysisk aktivitet før svangerskapet hos kvinner som deltok i den fyrste Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag (HUNT-1), og fann ingen samanheng mellom fysisk aktivitet før svangerskapet og risiko for svangerskapsforgifting. | nb_NO |
dc.language | eng | nb_NO |
dc.publisher | Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det medisinske fakultet, Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk | nb_NO |
dc.relation.ispartofseries | Doktoravhandlinger ved NTNU, 1503-8181; 2011:40 | nb_NO |
dc.title | Cardiovascular function in preeclampsia: Left ventricular and endothelial functions with references to pre-pregnancy physical activity | nb_NO |
dc.type | Doctoral thesis | nb_NO |
dc.contributor.department | Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det medisinske fakultet, Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk | nb_NO |
dc.description.degree | PhD i klinisk medisin | nb_NO |