Show simple item record

dc.contributor.advisorRapp, Anna C.
dc.contributor.authorSæterøy, Håkon
dc.date.accessioned2020-03-05T15:01:43Z
dc.date.available2020-03-05T15:01:43Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2645631
dc.description.abstractOpplæringslova (1998), forskrift til opplæringslova (2006) og Læreplanverket for Kunnskapsløftet (2006) gir føringar for korleis ein skal utføre yrkes- og utdanningsrådgjevinga i skulen. Det blir også lagt opp til at skulen skal samarbeide med eksterne, som til dømes næringsliv og andre skuleslag, for at yrkes- og utdanningsrådgjevinga skal bli så god og realistisk som mogleg (Forskrift til opplæringslova, 2006; Utdanningsdirektoratet, 2015b). Parallelt med desse føringane blir det publisert dokument som tar opp utfordringar som til dømes mangel på kvalifisert arbeidskraft og at for få elevar fullfører vidaregåande utdanning (Kunnskapsdepartementet, 2013; OECD, 2014). Temaet for denne masteroppgåva i skuleleiing er utdanningsval, og målet med oppgåva er å forstå ulike perspektiv på utdanningsval. Dei ulike aktørane, elevane, arbeidslivet og politikken, har sine grunngjevingar for korleis dei forstår temaet. Mitt arbeid skal skaffe fram kunnskap om korleis skulen kan legge til rette for samarbeid mellom aktørar for å auke kompetansen til elevar før dei skal gjere sine utdanningsval. For å få til dette, vil det bli tatt i bruk ein kombinert forskingsmetode, spørjeundersøking og gruppeintervju, som vil prøve å finne ut kva som påverkar elevar når dei utfører sine utdanningsval og korleis dei ulike rådgjevingsaktivitetane fungerer. Det vil også bli gjennomført gruppeintervju med skulen sine eksterne samarbeidspartane i rådgjevingsarbeidet; opplæringskontor, kommune og næringsliv, for å få kunnskap om korleis dei ser si rolle i arbeidet med elevar sitt utdanningsval. Resultata frå desse undersøkingane vil bli tolka i lys av tidlegare forsking, neoinstitusjonell teori, sosiologiske teoriar som aktør – struktur utfordringa, profesjonell kapital, teoriar om rasjonelle og irrasjonelle val og teoriar om karriereval. Dei viktigaste funna i studien er at elevar deler seg inn i to segment, dei som er sikre på sine utdanningsval og dei som er usikre. Praktiske erfaringar som stemmer overeins med innhaldet i eit vidaregåande utdanningsprogram fører til gode og sikre utdanningsval for individet. Dei som ikkje har slike erfaringar er fortsatt usikre sjølv etter at dei har starta på vidaregåande. Arbeidslivet vil gjerne samarbeide med skulen om temaet utdanningsval, men det er avhengig av lærar som ønskjer dette, og arbeidet bør skje gjennom formelle aktivitetar.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleOrganisering av utdanningsval - mellom politikk og praksis
dc.typeMaster thesis


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record