Kompakte ulufta tretak med smart dampsperre
Others
Published version
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2626352Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Smarte dampsperrer varierer dampmotstanden avhengig av RF i lufta omkring. Reint fysisk fungerer dei slik at ved låg relativ luftfuktigheit (RF) er dampmotstanden stor, medan dampmotstanden minkar når RF aukar. Om vinteren, når RF i innelufta er låg, vil dampmotstanden dermed vere stor. Og om sommaren, når RF i innelufta er høgare, vil dampmotstanden bli lågare. Det betyr at eventuell byggfukt eller lekkasjefukt i konstruksjonen da kan tørke mot innelufta. Uttørking mot inneluft er spesielt interessant for konstruksjonar som vanskeleg lar seg tørke utover, og som samtidig inneheld fuktfølsame material. Kompakt ulufta tretak er eitt slikt konstruksjonstilfelle. Tradisjonelt har vi advart mot denne type konstruksjonar, sjølv om dei er svært interessante av andre årsaker. Rett bruka kan smarte dampsperrer her gi meir robust fuktsikring.