Show simple item record

dc.contributor.advisorAndresen, Steinarnb_NO
dc.contributor.authorMelheim, Kjetilnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:13:17Z
dc.date.available2014-12-19T14:13:17Z
dc.date.created2010-09-10nb_NO
dc.date.issued2006nb_NO
dc.identifier350347nb_NO
dc.identifierntnudaim:1300nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/262102
dc.description.abstractMediauavhengig handover skal gjera det mogleg for brukaren å nytte det beste tilkoplingspunktet uavhengig av aksessteknologi. Det kan vere å flytte ein telefonsamtale frå GSM til sitt eige heimenettverk og heilt generelt mellom heterogene nettverk. Det kan vere mange grunnar til at ein brukar ynskjer handover mellom forskjellige nettverk. Det kan vere endring i brukarbehov, ynskje om lågast mogleg kostnad, fysisk forflytting eller at terminalen har lite straum og vil nytte det minst energikrevjande grensesnittet. Eksisterande løysingar lir under at det ikkje er noko uniform tilgang til nettverksintelligens og nettverksinformasjon på tvers av aksessteknologiar. Arbeidsgruppa IEEE 802.21 arbeider med eit forslag til ein standard som skal løyse dette. Standarden inneheld eit rammeverk som gjer at brukaren får eit grensesnitt å forholde seg til med tanke på å sende konfigurerande og utførande kommandoar til linklaga. Brukaren kan abonnere på hendingar som varsling av låg signalstyrke og varskuing om nye nettverk. Det er ogso ei omfattande informasjonsteneste i IEEE 802.21. Informasjonstenesta gir brukaren informasjon om tilkoplingspunkt som er registert som naboar til det den no er kopla til. Standarden har som mål å assistere L3MP ved handover. For å studere korleis IEEE 802.21 kan assistere L3MP ved horisontal handover har eg gjort ein studie av handovertida. Eg har lagt fram to forslag til forbetringar til L3MP. Desse forbetringane nyttar informasjon som vert tilgjengeleg gjennom IEEE 802.21 og omhandlar førhandskonfigurering av IP-adresse og registrere ny IP-adresse før terminalen skiftar tilkoplingspunkt. Resultata av å nytte informasjonen som er tilgjengeleg gjennom IEEE 802.21 er signifikant forbetring av handovertida til MIPv6 og SIP. FMIPv6 som allereie har denne informasjonen og derfor desse eigenskapane i tillegg til at den set opp tunnel mellom den gamle og den nye ruteren, vert påverka. GAN er ein standard tatt opp i 3GPP. GAN gjer at terminalar kan ta handover mellom GERAN/UTRAN og dei IP-baserte nettverka terminalen er kopla til. GAN tilbyr både linjesvitsja og pakkebaserte tenester. Gjennom det har GAN ein lett tilgjengeleg brukarmasse i alle dei som er mobilabonnentar. GAN tilbyr ikkje nabokart på tvers av teknologiar, so for å kunne nyttiggjere seg dei potensielle tilkoplingspunkta lyt grensesnitta søke heile tida. Kostnaden kjem i form av unødig høgt energiforbruk og nettverkskostnad. IEEE 802.21 inneheld denne informasjonen i tillegg er det informasjon om kva forskjellige PoA kostar å nytte og kva bandbreidd ein kan vente å få. På den måten kan terminalen ha relevante grensesnitt aktive og på eit godt datagrunnlag ta handover til det rimelegaste nettverket eller på andre grunnlag som for eksempel bandbreidde. Dei eigenskapane eg leita etter i IEEE 802.21 var tilgjengelege og løyser IEEE 802.21 si oppgåve på ein god måte. Det er ingen andre teknologiar som på samme måte er retta mot mobile einingar og ikkje er retta mot bestemte teknologiar på høgare eller lågare lag.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherInstitutt for telematikknb_NO
dc.subjectntnudaimno_NO
dc.subjectSIE7 kommunikasjonsteknologino_NO
dc.subjectTelematikkno_NO
dc.titleMediauavhengig handovernb_NO
dc.title.alternativeMedia Independent handovernb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber94nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for informasjonsteknologi, matematikk og elektroteknikk, Institutt for telematikknb_NO


Files in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record