Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHeiberg, Thor-Aage Kaminka
dc.contributor.advisorHugstmyr, Jarle
dc.contributor.authorHoftun, Sven
dc.contributor.authorHaraldseid, Kjell Gunnar
dc.date.accessioned2019-09-05T14:01:56Z
dc.date.available2019-09-05T14:01:56Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2612807
dc.description.abstractSamandrag Hovudproblemstillinga vår handlar om korleis ein tilverkar liggande kledning med not og penn i skøytane (endepløying). Fokuset vårt har svinga rundt bygningar som vart oppførte i siste halvdel av 1800 talet. Me fann òg to hus frå 1900 talet som var så interessante at dei måtte bli med. Forskinga innan kulturminnevernet har, fram til dei siste åra, hatt lite fokus på den utøvande delen av dei kulturhistoriske bygningane våre. Handverket bak og kunnskapen om tilverking av materialane har fått lite fokus. Slik som i dette prosjektet, manglar ofte samanhengen mellom produktet, verktøyet og handverket i kjeldane. Ein må då gå inn med si eiga røynsle, studere verktøyspor, tolke og lage hypotesar for mogleg framgangsmåte i produksjonen. Me fann det avgjerande med forsøk i verkstaden for å prøve ut hypotesane. Det ein tenkjer er umogleg kan visa seg å gå heilt fint berre ein prøver det ut i praksis. Døme på dette er tolkinga vår på om falsen er tillaga før nota er høvla. Det er altså like viktig med studiar av originalt materiale og praktisk arbeid i handverksforskinga. Sjølv om hovudfokuset vårt er på det som skjer i endeveden har tolking av prosessen med tilverking av heile kledningsbordet innverknad på til dømes rekkefølga i arbeidet. Me har arbeida systematisk gjennom oppgåva for å få fram resultat som let seg etterprøve og me har nytta ein hypotetisk deduktiv metode. Etter ei rundreise i Ryfylke vart det funne tre variantar av endepløying. Då desse er representerte i to kyrkjer i Suldal kommune, Sand- og Suldal kyrkjer, valde me å nytte desse bygga som representantar for kvar sine variantar. Kledningen på Suldal kyrkje har saga penn som me har valt å kalle variant 1. Sand kyrkje har høvla penn. Men det vekslar i kva ende pennen er på borda. Når den er i høgre ende av bordet kalla me det variant 2, og når den er i venstre ende variant 3. Det praktiske arbeidet har dreia rundt korleis endepløyinga vart utført i si tid. Høvla dei i stillaset, slik informanten vår fortel, eller vart endepløyinga tilverka nede i høvelbenk? Korleis klarte dei, til dømes, å høvle utan synleg utriving? Og kva rekkefølge vart nytta for produksjonen av heile kledningsborda? Me fann ein, for oss, ny type høvel som me kalla for overgripande falshøvel. Denne hjelpte oss på veg i tolkingsprosessen. Det vart gjort oppdagingar når det gjeld skjeringa av pennen i variant 1. Me kan nærast dra det så langt at me kan sei at det med sikkerheit er nytta grindsag til dette arbeidet. Dette med rot i verkstadforsøka. Med dette har me kome fram til sannsynlege framgangsmåtar og moglege arbeidssituasjonar som kan ha vore nytta på 1800 talet. All dokumentasjon og noko original kledning er arkivert i dei digitale og fysiske magasina hjå Ryfylkemuseet.
dc.description.abstractSummary Our goal is to find out how craftsmen planned a tongue and groove in the end grain of horizontal cladding, late 19th century. Research in the field of cultural heritage protection has, until recent years, had little focus on the artisans part of the cultural history of our buildings. The crafts behind and the knowledge of how the materials were produced have received little attention. In this study, we often lack the connection between the products, tool and craft. We needed to use our experience and knowledge to study tool marks, interpret them and then create hypotheses for a possible production procedure. It was essential for us to try out our hypotheses in the workshop. What seems impossible can go just fine trying it out in practice. Therefore, it is just as important with studies of the original material as practical work when studying crafts. Although our focus is tongue and groove in the end grain, our interpretation of how the whole board was produced, may affect the work order. We have worked systematically through the task to produce results that can be verified. In this study, a hypothetical deductive method is used. After a tour in Ryfylke, (the western part of Norway) we found three varieties of tongue- and groove. We selected Sand and Suldal church since they have all three varieties. The cladding on Suldal church has a sawed tongue referred to as variant 1. Sand church has planned tongue; on which side the tongue is alter for every strakes at Sand church. When the tongue is on the right end of the cladding, we call it the variant 2. When it is on the left, variant 3. In the practical part of the study, we have studied the craftmenship needed to produce the three varieties of tongue and groove. For example, how they manage to do it without much tearing and in what order was the entire cladding board produced. We also discovered what type of saw that was used to cut out the tongue on variant 1.The use of frame saw is likely, this helped us out in the interpretation process. We have received information from an informant who assisted a carpenter making tongue- and groove on a house build in 1970. The way he did it takes a lot of training and great power, in the short time of this study we have not manage to do it like the informant described. In this theses we present a likely procedure, that may have been used in the 1850`s to plane a tongue and groove in the end grain of horizontal cladding. All documentation and some original cladding from this study are stored and filed at the Ryfylke museum.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleEndepløying på liggande kledning - Ei undersøking av moglege produksjonsmåtar.
dc.typeBachelor thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel