Show simple item record

dc.contributor.advisorNordfjærn, Trond
dc.contributor.authorHøydal, Marita Orseth
dc.date.accessioned2019-09-04T09:10:50Z
dc.date.available2019-09-04T09:10:50Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2612409
dc.description.abstractDet finst i dag ei gryande anerkjenning av at rusavhengnad har betydelege konsekvensar utover individet som er avhengig. Føremålet med den føreliggande studien var å undersøkje opplevinga av å vera pårørande til ein rusavhengig. Dette gjaldt på tvers av type relasjon til den rusavhengige og i ein norsk kontekst. Det var ønskeleg å få rike, subjektive skildringar av kva som kjenneteikner relasjonen til den rusavhengige, korleis belastinga opplevast og manifesterer seg, samt korleis eventuell mestring og støtte heng saman med opplevinga. Gjennom to semistrukturerte fokusgruppeintervju med høvesvis generelle pårørande (n=3) og (eks)partnarar med felles born med ein rusavhengig (n=4), vart dei nemnde fokusa addressert. Resultata av ei tematisk analyse resulterte i tre hovudtema: kjenneteikn på den primære belastinga, (manglande) mestring og støtte og kjenneteikn på den sekundære belastinga. Resultata av den føreliggande studien i ein norsk kontekst utdjupar nokre område av tidlegare forsking. Resultata viste at å vera pårørande til ein rusavhengig er kjenneteikna av ei mangefasettert emosjonell belasting, mangel på kontroll og ein relasjon til den rusavhengige prega av ambvialente kjensler. Vidare viste analysen at dei pårørande opplevde mindre støtte enn dei treng, og at mestringsstrategiane ikkje beskytta nok til at påkjenninga ikkje går utover psykisk og fysisk helse. Dei pårørande gav òg skildringar av både eigne mestringsstrategiar, samt av gode og mangelfulle erfaringar med hjelpeinstansar. Unikt for studien er at den inkluderer (eks)partnarar av ein rusavhengig. Særleg relevant for denne typen pårørande er aspekt knytt til barnet. Vidare viste resultata at relasjonen til den rusavhengige for nokre ekspartnarar i større grad er ufriviljug, samanlikna med generelle pårørande. Fjernnb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleOpplevinga av å vera pårøranda til ein rusavhengignb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Psykologi: 260nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record