Bruk av MPC for MPD
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/260993Utgivelsesdato
2013Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Nedihols trykkregulering er den avgjerande faktoren når det kjem til tryggleik under søk og utvinning av hydrokarbonar. Viss trykket blir for høgt eller for lågt, kan det resultere i at miljøfarleg borevæske blir sølt eller at det oppstår eit ukontrollert "brønnspark". Konsekvensane er potensiellt livsfarlege og miljøfarlege. Trykkregulering kan forbetrast ved å nyttiggjere nye nediholsverktøy, som til dømes borerøyr med elektronikk, for å måle sjølve trykket fleire stadar nedihol. Ved å tilføre ein avansert MIMO (fleire inngangar, fleire utgangar) regulator, slik som MPC (modell predikativ regulator), kan ein bidra til auka trykkhandtering, så vel som å tillate vidare automasjon av prosessen ved å inkludere automatisk styring av pumper i tillegg til den konvensjonelle strupeventilen (MPD). Denne tilføyinga av manipulerte variablar tillet ein evne til å automatisk styre trykkprofilen nedihol, ikkje berre trykket på ein stad.\\For å benytte tilføringa av elektronisk borerøyr har det blit laga ein metode for å kalkulere trykket på bestemte stadar nedihols. Evna til å regulere nedihols trykk-gradienten er vist mogleg ved bruk av lineær regulering. Dette har tidlegare blitt illustrert ved bruk av ulineær reguleringsteknikk. Ei samanlikning av lineær og ulineær MPC er presentert for å kunne gi eit innblikk i fordelane ved å bruke den enklare lineære regulatoren. Lineær MPC er presentert i djupna og er brukt i simuleringar av forskjellige bore-scenario vha. ein kommersiell brønnsimulator. Simuleringane viser noko av potensialet for vidare automatisering av boreprosessen ved å la MPCen ta styring over meir av boreutstyret. Trykkreguleringa viser lovande resultat.