Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMidford, Paul
dc.contributor.authorLande, Eivind
dc.date.accessioned2019-07-09T15:13:52Z
dc.date.available2019-07-09T15:13:52Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.isbn978-82-326-3787-4
dc.identifier.issn1503-8181
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2603952
dc.description.abstractJapans storstrategi overfor Kina i tida etter den kalde krigen Korleis bør austasiatiske statar svare på Kinas framvekst? Offensive realistar argumenterer for at framveksande makter har motiv for å ekspandere, og at andre statar må handtere dei berre på grunnlag av militær makt. Defensive realistar svarar at persepsjonar av om angrep eller forsvar har størst fordel, og av andre statars intensjonar, også tel. Derfor kan ein påverke slike statar med tiltak for å roe dei ned og økonomisk samarbeid, hevdar dei. Liberalarar meiner at gjensidig økonomisk avhengigheit og det å veve andre land inn i multilaterale institusjonar kan fremje pluralistiske og liberale verdiar i andre samfunn. Dei lærde stridast om kva Japans storstrategi overfor Kina har vore på ulike stadium etter den kalde krigen, og kvifor Japan har valt dei storstrategiane som det har. Eg forsøker å finne svar på desse spørsmåla i casestudium som dekkjer periodane 1989-2001, 2001-2009 og 2009-2015. I kvart case granskar eg først Japans militære strategi og strategi for å roe ned og skape tillit hos Kina, rolla til Kinas framvekst i Japans alliansestrategi overfor USA, territoriale tvistar med Kina om Senkaku- / Diaoyuøyene og Aust-Kina-havet og Japans bruk av offentleg utviklingshjelp som eit økonomisk politisk verkemiddel. Her kodar eg Japans storstrategi i desse dimensjonane som offensivt realistisk, defensivt realistisk eller defensivt liberal. Avhandlinga byggjer på intervju med medlemmer av eliten i, og statlege publikasjonar frå, Japan og Kina, statistikk og andre skriftlege kjelder. Eg finn at den japanske storstrategien overfor Kina er blitt mindre defensivt liberal, og inkluderer meir offensiv militær taktikk, men for defensivt realistiske mål, som forsvar av heimlandet. Mens nokre avgjerdstakarar brukte offensivt realistiske argument då Japan stansa yen-lån til Kina, har landet halde fast ved ein politikk for å roe ned og skape tillit hos Kina, på tvers av regjeringsskifte. Med metodar for casestudium undersøker eg kva som kan vere årsakene til endringane i storstrategien. Her ser eg på auken i Kinas økonomiske og militære makt og Japans persepsjonar av om Kinas militære styrkar er offensive og av kinesiske intensjonar. Eg ser dessutan på korleis dei politiske standpunkta til japanske statsministrar har påverka storstrategien.nb_NO
dc.description.abstractSummary Japan’s Grand Strategy toward China in the Post-Cold War Period How should East Asian states respond to the rise of China? Offensive realists argue that rising powers have motives to expand, and that other states must deal with them solely on the basis of military power. Defensive realists counter that perceptions of whether offense or defense has an advantage, and of the intentions of other states, also matter. One can therefore use reassurance and economic cooperation to influence such states, they claim. Liberals believe that economic interdependence and embedding other countries in multilateral institutions can further pluralistic and liberal values in other societies. Scholars disagree about what Japan’s grand strategy toward China has been at various stages after the Cold War and why Japan has chosen the grand strategies that it has. I seek answers to these questions in case studies covering the periods 1989-2001, 2001-2009, and 2009-2015. In each case, I first examine Japan’s military and reassurance and confidence-building strategies toward China, the role of China’s rise in Japan’s alliance strategy toward the US, territorial disputes with China over the Senkaku / Diaoyu Islands and the East China Sea, and Japan’s use of official development assistance as an economic tool of policy. Here, I code Japanese grand strategy in these dimensions as offensive realist, defensive realist, or defensive liberal. The dissertation builds on elite interviews and government publications from Japan and China, statistics, and other written sources. I find that Japanese grand strategy toward China has become less defensive liberal and incorporates more offensive military tactics, but for defensive realist goals such as homeland defense. While some decision makers used offensive realist arguments when yen loans to China were terminated, Japan has maintained support for reassurance and confidence-building toward China through changes of government. Using case study methods, I examine which factors may have caused the changes in grand strategy. Here, I look at the increase in China’s economic and military power, and Japanese perceptions of whether China’s military forces are offensive and of Chinese intentions. I also look at how the Japanese prime ministers’ policy positions have influenced grand strategy.nb_NO
dc.language.isoengnb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.relation.ispartofseriesDoctoral theses at NTNU;2019:94
dc.titleJapan’s Grand Strategy toward China in the Post-Cold War Periodnb_NO
dc.typeDoctoral thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Statsvitenskap og organisasjonsteori: 240nb_NO
dc.description.localcodeDigital full text not availablenb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel