Om verbplassering og verbmorfologi i amerikanorsk
Journal article, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2018Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Maal og Minne. 2018, 1 25-70.Abstract
Denne artikkelen undersøker tilhøvet mellom verbbøying og ordstilling i ein språkkontaktsituasjon der norsk er det eine språket og engelsk det andre. Meir spesifikt er datatilfanget henta frå fleire datasett med opptak av norskamerikanarar i den amerikanske Midtvesten, og opptaka spenner over 70 år og tre generasjonar. Dette gir høve til å studere korleis denne kontaktvarieteten endrar seg over tid med omsyn til dei fenomena som er tema i artikkelen. Artikkelen er slik eit bidrag til eit område av norsken som er lite utforska, men han tar òg mål av seg til å kaste lys over meir generelle problemstillingar innanfor språkkontakt, tospråklegheit, og den formalteoretisk retta lingvistikken under den retninga som vert omtala som “biolingvistikk”. Utgangspunktet vårt i denne artikkelen vil særleg vere å sjå på språkkontakt som eit mentalt fenomen, der kontakten primært skjer i sinnet til språkbrukaren.