Korleis opplever ungdom kvardagen med diabetes type 1?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2585723Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Hensikt: Hensikta med dette litteraturstudiet var å undersøke korleis ungdom opplever kvardagen med diabetes type 1.
Metode: Metoden basera seg på eit systematisk litteraturstudie, bygd på sju kvalitative og ein kvantitativ forskingsartikkel.
Resultat: Ungdommar har ulike opplevingar av kvardagen med diabetes type 1. Dei har ulike utfordringar, alt ifrå sjølvhandtering til bekymringar om framtida. Ein ser at vennar har stor betydning for ungdommen med diabetes type 1 og at mange ungdommar kjenner seg annleis enn jamaldringane sine. Ungdommar har mange ulike kjensler i forhold til det å ha diabetes type 1. Mange opplever sinne og frustrasjon, medan andre igjen har akseptert sjukdommen som ein del av kvardagen. Ungdommar ynskjer å handtere diabetesen sin sjølvstendig i kvardagen, men det kan også by på ulike utfordringar.
Konklusjon: Dette systematiske litteraturstudiet viser at ungdommen treng motivasjon og vegleiing for å handtere kvardagen med diabetes type 1. Dei treng også meir informasjon om seinkomplikasjonar og om seksuell helse og ulike rusmiddel. Gradvis tilvenning til å handtere diabetesen sjølvstendig i kvardagen er viktig når ungdommen skal lausrive seg frå foreldra sine.