Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorTørset, Trude
dc.contributor.authorNikiza, Enock
dc.date.accessioned2019-02-11T15:00:36Z
dc.date.available2019-02-11T15:00:36Z
dc.date.created2018-12-03
dc.date.issued2018
dc.identifierntnudaim:20186
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2584881
dc.description.abstractSamandrag Ein politikk for miljøvenleg transport inneberer å redusere miljøkonsekvensane frå transport ved eit berekraftig transportsystem. Ifylgje klimameldinga og Nasjonal transportplan, (NTP) 2018-2029 må kollektivtrafikk, sykling og gåing ta den framtidige veksten i persontransporten i dei store byområda. Samstundes er det formulert eit mål om at sykkeldelen skal doblast på nasjonalt nivå, og dei største byane er målet ein sykkeldel på 20%. Det går dermed tydeleg fram av at dei miljøvenlege transportformene framover generelt må prioriterast i høve til privatbilen. Dette skal bli oppnådd i samsvar med regjeringa sitt overordna mål for transportpolitikk å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvenleg transportsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport og fremjar regional utvikling. I tillegg går det fram av forskrifta etter veglova at det må leggjast til rette for gang- og sykkeltrafikken ved planlegging og utbygging av nye veger. Forskrifta må òg gjelde ved opprusting av eksisterande veg der dette er naturleg. På bakgrunn av dette har denne masteroppgåva sett på problemstillinga; Samordna areal- og transportplanlegging for kollektivtarnsport med buss, gåande og syklande med forskingsspørsmål Kva er forskjellen på prosjekt der det er tilrettelagt for kollektiv, gåing og sykling kontra der det ikkje er tilrettelagt på avlasta/eksisterande veg? Dette gjev fylgjande deloppgåver: «Bør det planleggjast 4-feltsveg eller bør det satsast tungt på bygging av gode kollektivsambindingar, gang- og sykkelvegar mot knutepunkt i byar og tettstadar?» og «Arealpolitikk: Kvifor er det meir aksept for å beslagleggje areal for veg enn for gang, sykkel og kollektiv?». Ny Rv.35 Hokksund Åmot som er under planlegging på kommunedelplannivå er brukt som case for denne oppgåva. I tillegg har problemstillinga blitt forska på ved hjelp av naturvitskapleg forskingsdesign i form av intervjuobjekt, litteratursøk som handbøker, googlesøk, ResearchGate, transportøkonomisk institutt, (TØI) og politiske satsingar og måloppnåing; NTP. Bør det planleggjast 4-feltsveg eller bør det satsast tungt på bygging av gode kollektivsambindingar, gang- og sykkelvegar mot knutepunkt i byar og tettstadar? Denne delen sett plattforma for behovet for å planleggje og byggje for desse miljøvenlege transportmiddel, og dessutan undersøkje kva slags type veg bør prioriterast. Dette vil sei hovudvegar som binder landet saman, ikkje nødvendigvis hovudvegar i byar for å få mindre kø, men hovudvegar der ein prioriterer og legg til rette for kollektivtransport, gang- og sykkelveg framfor firefelts bygater. Dette vert sett opp mot nullvekstmål sette i NTP 2018-2029 kvar auking i persontrafikk skal takast med kollektivtransport, gåing og sykling. Oppgåva tek utgangspunkt i vegstrekninga rv.35 mellom Hokksund i Øvre Eiker kommune og Åmot i Modum kommune. Arealpolitikk: Kvifor er det meir aksept for å beslagleggje areal for veg enn for gang, sykkel og kollektiv? Nullvekstmålet for personbiltrafikken går ut frå ein heilskapleg verkemiddelbruk. Tilrettelegging for gåing, sykling og kollektivtransport må kombinerast med effektiv arealbruk og fortetting, og bilregulerande tiltak som tidsdifferensierte bomtakstar og parkeringsrestriksjonar. Vidare står bilen sterkt i det norske samfunnet, og det er difor lettare å forsvare arealbeslag for vegbygging enn for gang- og sykkelveg og/ eller kollektivfelt. Nasjonal transportplan, NTP, viser at det må fremjast gang og sykkel og kollektiv, men det krevst lokalpolitisk handlekraft for gjennomføring. Den handlekrafta er ikkje like sterk alle stadar.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectErfaringsbasert masterprogram i veg og jernbane, Veg
dc.titleTilrettelegging for kollektiv, gåing og sykling ved planlegging av nye vegar
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel