Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorNess, Ottar
dc.contributor.authorHareide, Elisa Giskeødegård
dc.date.accessioned2018-12-18T10:35:36Z
dc.date.available2018-12-18T10:35:36Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2578060
dc.description.abstractI denne studien har eg undersøkt korleis skulerådgjevarar beskriv sitt arbeid med å skape tillitsfulle relasjonar til elevar i ungdomsskulen. Skulekvardagen er hektisk, og det kan vere ei utfordring å få nok tid til å skape gode relasjonar til enkelteleven. Dette ønska eg å undersøke med følgjande problemstilling: «Korleis beskriv skulerådgjevarar i ungdomsskulen sitt arbeid med å skape tillitsfulle relasjonar til elevane?». Hensikta med studien var å utforske skulerådgjevarane sine eigne opplevingar og tankar om kva som fungerer som tillitsvekkande og relasjonsbyggande når dei møter elevar som treng rådgjeving. Eg har gjennomført kvalitative forskingsintervju med fem skulerådgjevarar frå ulike ungdomsskular i ulike kommunar i Midt-Noreg. Ei tematisk analyse av datamaterialet resulterte i følgande fire tema: (1) Tilgjengelegheit for elevane, (2) Å vise genuin interesse for elevane, (3) Å vise openheit i relasjonen, og (4) Å ha ei empatisk haldning. Desse fire tema vert vidare drøfta opp i mot teori om mellom anna relasjonskompetanse, tillit, og med bakgrunn i humanistisk-eksistensialistisk teoritradisjon. I tillegg vert tidlegare forsking på temaet belyst og sett i samanheng med funna frå denne studien. Funna i denne studien viser at skulerådgjevarane ser det som viktig for tillitsbygginga å vere tilgjengeleg og synleg for elevane i skulekvardagen, i tillegg til å gjere det tydeleg for elevane at dei alltid er velkomne på rådgjevaren sitt kontor. Dette kan senke terskelen for å oppsøke rådgjevar, og sørgje for at elevane kjenner til tilbodet på skulen. Vidare var skulerådgjevarane opptekne av å vere genuint interesserte i heile mennesket. Det var også viktig for dei å vite noko om fritid og heimeforhold, noko som kan føre til at elevane føler at dei også kan kome til skulerådgjevaren med bekymringar som ikkje berre angår skule og fag. Funna viser også at det er viktig å vere open med eleven om kva som skal skje i rådgjevingsprosessen. Skulerådgjevarane ser det som viktig å ikkje ta nokon avgjersler over hovudet på eleven, og i dei tilfella dei må bryte teieplikta og varsle vidare, er det særs viktig for dei å informere eleven slik at ingenting skjer bak deira rygg. Til slutt er skulerådgjevarane medvitne om å ha ei empatisk grunnhaldning i møte med eleven i rådgjevinga, og gjer sitt beste for å prøve å forstå eleven si subjektive oppleving. Dei vil sjå etter det beste i kvar enkelt elev, i tillegg til å vere audmjuke og genuine. Slik ser skulerådgjevarane i denne studien det som hensiktsmessig å arbeide for tillitsfulle relasjonar i ungdomsskulen.nb_NO
dc.description.abstractAbstract: This study focuses on how school counsellors describe their work on building trusting relationships with students in secondary schools in Norway. Counsellors in the school system have hectic schedules, which can make it difficult for them to have time for the individual student. The study’s research question was: «How does the school counsellors describe their work to build trusting relationships with students in secondary school? ». In this study, I wanted to explore school counsellor’s own experiences and thoughts on this subject, and what seems to work for them in their work with students requesting counselling. Data was collected by qualitative interviews with five different school counsellors from different schools in different municipalities in mid-Norway. I conducted a thematic analysis from the collected data which resulted in four themes: (1) Availability to the students, (2) To show genuine interest in the students, (3) To be open in the counselling relationship, (4) To have an empathic approach. The findings show that school counsellors find it important for building trusting relationships to be available to the students, and to show them that they are always welcome to come to them. This can make it easier for the students to approach the school counsellor with their issues. The school counsellors also see the importance of being genuinely interested in the students, including their life outside of school. Thus, the students also can feel free to talk about their troubles outside school. Another important way for the school counsellors to build trust with the students is to be completely honest with the students throughout the counselling process. If they must involve other professionals in the more serious cases, they always tell the student before doing so, to be transparent. The students should never feel like decisions are being made behind their back, or that the school counsellor is sharing their private conversations without the student’s knowledge. Lastly, the school counsellor tries to have an empathic approach in the counselling relationship. They see it as important to be humble, genuine and to do their best to understand the student’s subjective experiences. This sums up how the school counsellors in this study describe their work to build trusting relationships with students in secondary school.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.subjectMaster i Rådgivingsvitenskapnb_NO
dc.title''Det er viktig at eleven føler seg sett, høyrt og forstått'' - Ein kvalitativ studie om skulerådgjevarar sine erfaringar med å skape tillitsfulle relasjonar til elevar i ungdomsskulennb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel