Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorDrottz-Sjöberg, Britt-Marie
dc.contributor.authorKrossøy, Halldis
dc.date.accessioned2018-12-05T13:25:10Z
dc.date.available2018-12-05T13:25:10Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2576170
dc.description.abstractOnline dating har i løpet av kort tid revolusjonert korleis folk søkjer romantiske partnarar og initierer relasjonar med dei, og sjekking og dating har gjennomgått ein stor forandringsprosess som fylgje av ny teknologi og tenester. Med omsyn til å initiera og forma romantiske relasjonar, opnar internett og datingtenester opp for å nå ut til uendeleg mange potensielle partnarar. Det vert stilt spørsmål om det å ha fleire alternativ å velja mellom er ein eintydig god ting, eller om det nokon gong kan vera for mange val. Valbelastingshypotesar stipulerer at auking i talet på alternativ kan leia til uheldige konsekvensar, inkludert nedgang i motivasjon for å velja, til å forplikta seg til eit val, eller å ta eit val i det heile. Det kan gje ein nedgang i styrken på preferansar og tilfredsheit med det valde alternativet, og ein auke i negative emosjonar, inkludert skuffelse og anger. Oppgåva er ei teoretisk betrakning av prediktorar og konsekvensar for valbelasting ved bruk av datingtenester, og undersøkjer kva som skjer med individ når dei står ovanfor eit stort utval av potensielle partnarar. Kan faktorar identifisert kring valbelasting forklara kvifor tilgang til all fisk i datinghavet, i nokre tilfeller endar i ingenting? Identifiserte ytre prediktorar for valbelasting, slik som beslutninga si vanskelegheitsgrad og kor komplekst utvalet er, og indre prediktorar, som preferanseusikkerheit, beslutningsmål og maksimeringstendensar, vert undersøkt opp mot online dating. Fastslåtte åtferdskonsekvensar, som t.d auka innsats og valunngåelse, og subjektive tilstandar hjå avgjerdstakaren, t.d anger og høge forventningar, vert også testa i relasjon til bruken av datingtenster. Teoretiske forklaringar på valbelastinga vert diskutert, blant anna knytta til informasjonsbelastninga, konflikter og trade-offs som kjem med store utval. Fram til no har empiriske undersøkingar av valbelasting primært vore begrensa til konsumentdomenet. Oppgåva freistar å gje eit bidrag til refleksjon kring korleis det å ha tilgang til eit stort utval av partnarar påverkar prosessar knytta til det å skulla velja ein partnar, og tar med betraktningar som er særskilte for ein relasjonell kontekst og ved val av partnar. Betraktningane viser preliminære parallellar som kan indikera at valbelasting også kan manifestera seg ved val av partnar, ved å syna at tidlegare identifiserte prediktorar og konsekvensar for valbelasting også kan vera gjeldande her.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleOnline dating og valfridommens paradoks - Når tilgang til all fisk i havet endar i ingentingnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Psykologi: 260nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel