Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHybertsen, Ingunn Dahler
dc.contributor.advisorUlleberg, Hans Petter
dc.contributor.authorOhnstad, Beate Solberg
dc.date.accessioned2018-11-20T08:31:26Z
dc.date.available2018-11-20T08:31:26Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2573846
dc.description.abstractMastergradsprosjektet er ein casestudie av korleis NTNU materialiserer intensjonar om læringsareal. Pilotprosjektet innovative læringsareal skal bane veg for korleis NTNU bygger og endrar sine campus. Masteroppgåva startar med ein kontekst studie for å beskrive nasjonale visjonar og NTNU sitt visjonsdokument. Målet er å få fram nasjonale og intensjonar bak utvikling av innovative læringsareal både nasjonalt og NTNU sine. Eg har i 2018 vore med på ein rekke prosessmøter rundt utvikling av innovative læringsareal på campus Dragvoll ved NTNU i Trondheim. Det er gjennomført intervju med tre av fem interessepartar: arkitekt, læringstøtte og undervisar. Resterande partar, eigedom og studentar, vart ikkje intervjua. Alle som er intervjua har vore involvert i utvikling eller bruk av innovative læringsareal. Hovudfunn har vore at prosessen har vore utan tydeleg avklaring av omgrep både frå NTNU, men også i møta rundt utvikling av læringsareala. Design av læringsareal har vore frå ein tidlig fase i prosjektet konkretisert og detaljar diskutert. Det er ein generell glede blant informantane over å få forandringar og nye rom, fordi nye læringsareal gir mogligheiter for å kunne teste ut ulike arbeidsformar og undervisning. Innovative læringsarealet viser ein stor fokus på gruppearbeid, dialog og skjermbruk, men er lite egna til formidling gjennom presentasjon. Synet på studentar er at dei skal vere aktive i undervisning og grupper, mens undervisar skal vere rettleiar. Innovative læringsareal kan vere krevjande å undervise i. Det er også ein mangl på nettverk. Personar som ønsker forandringar eller har idear veit ikkje kven dei skal snakke med. Dermed er det ønsker om å få til eit nettverk på NTNU for utveksling av idear og for å kunne gjennomføre små og store prosjekt.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.subjectUtdanning og oppvekstnb_NO
dc.titleInnovative Læringsareal - Ein casestudie av materialiserte intensjonar i høgare utdanningnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel