Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorKnutsen, Torbjørn
dc.contributor.authorAlbertsen, Daniel
dc.date.accessioned2018-11-19T13:27:06Z
dc.date.available2018-11-19T13:27:06Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2573476
dc.description.abstractÅ forklare kvifor statar veks og fell har lenge vore eit mål innanfor samfunnsfaga. I si bok, Why Nations Fail (2012), kjem Acemoglu og Robinson med eit forslag til ei mogleg løysing på denne gåta. Deira teori seier at velstand og økonomisk vekst kan forklarast ut frå kva institusjonar eit land har. Acemoglu & Robinson argumenterer for at vestlege statar har vorte rike fordi dei har avskaffa ekstraktive institusjonar, institusjonar som diskriminerer og utnyttar befolkninga. I staden har desse landa forma inklusive institusjonar. Dette er institusjonar som sikrar befolkninga sin rett til deltaking i samfunnsstyringa og som vernar om deira økonomiske fridomar. Inklusive institusjonar tilrettelegg difor betre for økonomisk aktivitet. I denne oppgåva testar eg teorien om ekstraktive og inklusive institusjonar ved hjelp av ein kritisk case studie av tysk politisk og økonomisk utvikling i tidsrommet 1871 til 1939. Denne perioden vert delt inn i fire mindre casar etter regimetype og fylgjer fartstida til Otto von Bismarck, Wilhelm II, Weimarrepublikken og Adolf Hitler. Desse periodane vert samanlikna for å sjå kor vidt endring i regimetype gjev endring i vekst. Resultata visar at samanhengen mellom politiske institusjonar og økonomisk vekst er svak i Tyskland sitt tilfelle. Derimot fylgde tysk økonomisk utvikling internasjonale trendar uavhengig av regimetype. Eg finn òg at autokratiske regime, som under Bismarck og Hitler, tilrettela for økonomisk aktivitet i større grad enn teorien førespegla. Desse funna antydar eit behov for alternative eller utfyllande forklaringar. I tillegg til å peike på behovet for å ta høgde for faktorar på systemnivå for å forklare økonomisk vekst, så foreslår eg i diskusjonen at ideologi og legitimitet framleis er nyttige perspektiv for å forstå bruken og forminga av institusjonar.nb_NO
dc.language.isoengnb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleWhy a nation did not fail - A critical case study using German economic and poltical history (1871-1939) to evaluate the effect of extractive and inclusive institutionsnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel