Show simple item record

dc.contributor.advisorAasetre, Jørund
dc.contributor.authorFjose, Ingrid Rosseland
dc.date.accessioned2018-07-31T09:07:40Z
dc.date.available2018-07-31T09:07:40Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2506947
dc.description.abstractLæreboka har spelt ein viktig rolle i undervisninga i Noreg. Den utgjer ei fyrstehandstolking av læreplanen, og inneheld dermed også ei fortolking av vitskapen. Gjennom åra har vitskap, samfunn og læreplan endra seg, og dette spelar inn på framstillinga av dei ulike tema i geografiundervisninga. Befolkning og utvikling er sentrale tema innan samfunnsgeografien, og i løpet av denne oppgåva er det analysert korleis befolkninga i utviklingsland har blitt, og blir framstilt i lærebøker. Denne avhandlinga er det tredje bidraget i eit prosjekt kalla Forestillingen om de andre. Ragnhild Fagerslett (2015) avdekkja kva førestillingar eit utval elevar hadde rundt befolkninga i utviklingsland, og Joakim Larsen (2016) fylgde opp og studerte kva førestillingar som vart iv fremja av eit utval lærarar. Det blir også i denne avhandlinga sett fokus på ein pågåande vestleg diskurs som definerer befolkninga i vesten som «oss», og befolkninga i mindre utvikla land som eit motståande «dei». Analysen har vist at dette motsetningsforholdet er basert på vesten sin posisjon i verdssamanhengen, som igjen har vekse fram historisk gjennom globale relasjonar. Det har i avhandlinga blitt analysert tre lærebøker som strekkjer seg frå tidsrommet 1939 til 2008. Fortolkinga som er utført har blitt diskutert opp mot meiningsinnholdet i postkolonial teori, befolkningsteoriar og teoriar rundt utvikling. Funna viser at me har gått frå å snakke om Europa og vesten sin befolkning som eit ideal alle andre blir målt opp mot, til å heller vere medlidande til befolkninga i mindre utvikla land.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleFrå primitive samlarar til dyktige naturfolk : ei analyse av førestillingar om dei andre i lærebøkernb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Samfunnsgeografi: 290nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record