Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBerg, Nina Gunnerud
dc.contributor.authorFretheim, Rebekka Louise Armstrong
dc.date.accessioned2018-07-25T12:54:05Z
dc.date.available2018-07-25T12:54:05Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2506484
dc.description.abstractI denne masteroppgåva ser eg nærare på korleis sertifiserte norske fjellførar sine føringsbedrifter er berekraftige. Studiet ser vidare på korleis det er å drive ei slik næring i form av motivasjon for å fremje entreprenørskap, nyskaping av opplevingar og samordningar mellom aktørar i reiselivet. Studiet har fire analysekapittel som tek for seg problemstillinga: Korleis er tindevegleiarane sine føringsbedrifter berekraftige og korleis er det å drive ei slik næring? Empirien til studiet er henta frå kvalitative intervju og observasjon. I det teoretiske rammeverket tek eg for meg lokal og regional utvikling, med eit fokus på berekraft og stad, entreprenørskap og nyskaping, opplevingsøkonomien og endeleg bedriftsnettverk og samarbeid. Resultatet frå studiet syner at tindevegleiarane har ei spanande og sterk næring, med innovative og heilskaplege opplevingar. Dei har soleis eit stort potensial for vidare utvikling innan naturbasert entreprenørskap. Tindevegleiarane har gjennom sine føringsbedrifter eit fokus på menneskeverd og naturverd som syner seg grunnleggjande for økonomisk berekraft innan naturbasert reiseliv. Samstundes syner dei omsyn til og fremjar lokal, sosial og kulturell berekraft i lokalsamfunna. I ein større reiselivssamanheng er tindevegleiarane likevel ikkje synlege nok. Dette set krav til samordningar mellom føringsbedriftene, og andre reiselivsaktørar, for å heve næringa til eit nivå som skapar påverknadskraft for utvikling av naturbasert reiseliv. Aktuelle samordningar må vera tilstrekkeleg fleksible og syne omsyn til tindevegleiarane sitt sjølvstende. Dette vert særskilt viktig for å halde ved like motivasjonsgrunnlaget for å fremje entreprenørskapet og nyskaping hjå tindevegleiarane. Ved å spesialisere seg innan nisjemarknaden bidreg tindevegleiarane til å synleggjere distrikts-Noreg gjennom å skapa ein eksklusiv og berekraftig profil for den norske reiselivsnæringa.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleNorske tindevegleiarar - syner veg? : ein studie av norske tindevegleiarar som berekraftige aktørar innan naturbasert entreprenørskapnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Samfunnsgeografi: 290nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel