Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBerker, Thomas
dc.contributor.advisorGansmo, Helen Jøsok
dc.contributor.advisorBergschöld, Jenny Melind
dc.contributor.authorHaugland, Bård Torvetjønn
dc.date.accessioned2018-07-17T11:20:10Z
dc.date.available2018-07-17T11:20:10Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2505793
dc.description.abstractTal frå FNs klimapanels femte hovudrapport viser at bygningar i 2010 stod for 32% av verdas energiforbruk, 19% av verdas energirelaterte klimagassutslepp, og om lag ein tredjedel av verdas utslepp av svart karbon, og at desse tala kan bli to- eller tredobla innan 2050 (Lucon et al., 2014:675). Desse tala viser viktigheita av å byggje meir berekraftig, men kva er eigentleg berekraftig arkitektur? Ein profesjon som bør ha eit godt utgangspunkt for å svare på dette er arkitektane. Målsetjinga med denne masteroppgåva har vore å undersøkje kva slags strategiar arkitektar meiner at bør implementerast når ein skal produsere berekraftig arkitektur, og korleis arkitektane forsøker å få gjennomslag for desse strategiane. For å undersøkje dette gjennomførte eg åtte kvalitative intervju med yrkesaktive arkitektar. Det teoretiske grunnlaget for oppgåva er Guy & Farmer (2001) og Moore & Karvonen (2008) sine typologiar over korleis ein høvesvis snakkar om og produserer berekraftig arkitektur. Desse blir supplert med Abbott (1988) sin profesjonsteori og Grundmann (2017) sin teori om relasjonell ekspertise. I analysen undersøkjer eg fyrst arkitektanes forhold til teknologi. Teknologi og naturvitskapelege tilnærmingar er ein vanleg bestanddel i mange forståingar av berekraftig arkitektur, og også arkitektane forstår dette som ein del av det å lage berekraftig arkitektur. Likevel uttrykker dei ein skepsis til å la berekraftig arkitektur vere synonymt med energieffektiv eller utsleppsredusert arkitektur. Arkitektane meiner at også estetikk og utforming er aspekt som har påverknad på ei bygnings berekraft, både direkte og indirekte. Estetikk og utforming er relatert til menneska som skal bu i eller bruke arkitekturen, og arkitektane argumenterer for at berekraft dermed også avhenger av sosiale faktorar og av kultur. Avslutningsvis argumenterer eg for at ein spesifikk måte å forstå berekraftig arkitektur på, den økotekniske logikken, er den dominante forståinga I denne samanheng viser eg også korleis arkitektanes argument gjerne vart ført i tråd med denne logikken i eit forsøk på å konkretisere kunnskapane sine, kunnskapar som ofte er på eit format som vanskeleg lar seg omsetje til handling. I denne masteroppgåva viser berekraftig arkitektur seg å vere eit omgrep som har eit omskifteleg meiningsinnhald; ulike aktørar vektlegg ulike aspekt som viktige. Arkitektane meiner til dømes at arkitektur ikkje blir berekraftig berre ved at ein implementerer rette teknologiar og gjer dei rette utrekningane. Å teikne og produsere berekraftig arkitektur inneber også å ta sosiale og kulturelle omsyn, i tillegg til teknologiske.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleBerre estetisk? - Arkitektkompetanse i møte med berekraftig arkitekturnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel