Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorFranck, Karianne
dc.contributor.authorAngvik, Gjertrud Flemsæter
dc.date.accessioned2017-12-21T09:00:08Z
dc.date.available2017-12-21T09:00:08Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2473402
dc.description.abstractIntensjonen med denne forskingsstudien var å belyse korleis pedagogar arbeider for å leggje til rette for deltaking og inkludering for barn som dei opplever at har vanskar med språket, og pedagogane si forståing av dette arbeidet. I følgje Rammeplana for barnehagen har personalet ansvar for at alle barn skal vere deltakande i leik, og dei barna som fell ut eller blir ekskludert, må få særleg oppfølging (Kunnskapsdepartementet, 2011). Det vil vere pedagogen på avdeling som har hovudansvaret i dette arbeidet, og dermed blir deira rolle viktig. Problemstillinga for forskingsstudiet var som følgjer: Korleis forstår og jobbar pedagogar i barnehage med deltaking og inkludering i leik for barn som dei opplever at har vanskar med språket? Det er gjort greie for ulike perspektiv på inkludering i barnehagen. Teori med utgangspunkt i eit sosiokulturelt perspektiv er nytta for å sjå på pedagogane sitt arbeid med barn si sosiale og språklege utvikling og læring i samspel med andre. I tillegg er det gjort greie for perspektiv på leik, samt ulike roller pedagogen kan ha i høve barn sin leik. Det har vore nytta ei kvalitativt tilnærming for å samle inn data. Fire pedagogar på storbarnsavdelingar i ein barnehage var forskingsdeltakarane i prosjektet, og datainnsamlinga gjekk føre seg gjennom både observasjon og intervju. Observasjonane fokuserte på leikesituasjonar der pedagogane var i samhandling med barna som dei opplevde at hadde språkvanskar, medan intervjua fokuserte på pedagogen si oppleving av arbeidet med å leggje til rette for deltaking og inkludering i leik for desse barna. Ei meiningsanalyse av datamaterialet avdekte tre hovudfunn. Det første var at tryggleik, relasjonsarbeid og tilpassing blei sett på som føresetnader for barn si deltaking og inkludering i fellesskapen, og at pedagogane hadde ei avgjerande rolle i dette arbeidet. Det andre funnet handla om at pedagogane nytta gruppearbeid som metode for at barna skulle vere deltakande og oppleve seg som inkludert i fellesskapen. Det tredje funnet synte at pedagogane opptredde som ei støtte i leiken for barn som dei opplevde hadde vanskar med språket. Avhengig av situasjonen, inntok pedagogane ulike roller for å støtte barna i deltakinga. Funna blei drøfta opp mot relevant teori, for å vise ulike perspektiv som pedagogane synte i høve barna som dei opplevde hadde vanskar med språket, og i kva grad forståinga kunne påverke inkluderingsprosessane.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.title''Det å være nær ungane og gjere dei trygge, trur eg er kjempeviktig'' - Ein kvalitativ forskningsstudie om pedagogar si forståing av og arbeid med deltaking og inkludering i leik for barn med språkvanskarnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel