Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorLyngseth, Elise Johansen
dc.contributor.authorEngeset, Birte Haddal
dc.date.accessioned2017-10-31T09:25:08Z
dc.date.available2017-10-31T09:25:08Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2463094
dc.description.abstractDette er ei masteroppgåve frå Norges Teknisk- Naturvitskapleg Universitet og Dronning Mauds Minne Høgskule i Trondheim. I denne oppgåva ynskjer eg å få eit innblikk om temaet stamming og korleis stamming kan påverke livet og kvardagen til ein som stammar. Difor blei problemstillinga utarbeida slik: Korleis opplev tre vaksne menneske å leve med stamming? For å hjelpe meg sjølv til å finne svar på dette, har eg nytta tre forskingsspørsmål: • Korleis har stamminga verka inn på motivasjonen for yrkesvalet? • På kva måte har stamminga hatt betyding for mestringsoppleving i kvardagen? • Korleis har kommunikasjon og stamming påverka val av yrke? Eg var interessert i å forstå korleis menneske opplev kvardagen med tanke på val av yrke, mestring og motivasjon, og kommunikasjon i yrkeslivet. Oppgåvas design er ein kvalitativ metode med intervju som forskingsmetode, der eg har tatt eit strategisk utval. Mitt utval består av tre vaksne menneske som har personleg erfaring om stamming. Intervjuet blei transkribert og eg har nytta tekstnær koding. Ut av analysa kom eg fram til tre hovudkategoriar. Den første kategorien er ”erfaring frå eigen stamming”, kategori to er ”mestring” og den tredje kategori er ”aksept”. Mine funn viser at informantane har erfaring innan alle kategoriane, men den er veldig ulik. Studien viser at det er stor variasjon i kva grad informantane har blitt tilbedt av profesjonell hjelp til stamminga, og informantane har ulike tankar om logopedhjelp. I følgje empirien min kjem det fram at alle informantane opplev mestring i sin kvardag, om det er i arbeid eller studie. Korleis informantane har arbeida seg fram til denne mestringsopplevinga er ulikt, men dei fortel at opplevinga av positive tilbakemeldingar har gitt dei motivasjon for å arbeide vidare mot ein mestringsoppleving. Mine funn under kategorien akseptering viser at to informantar har ulik oppleving og tankar om aksepetering av eigen stamming. Noko som eg vil drøfte ved å sjå på ulike forhold som kan vere med på å påverke om ein person kan klare å akseptere eigen stamming.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.subjectStammingnb_NO
dc.titleÅ leve med stamming - Ein kvalitativ studie om talevansken stamming i kvardagen til tre vaksne menneskenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel