Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorAspelund, Arild
dc.contributor.authorSjøholt, Randi Marie
dc.date.accessioned2017-10-06T12:11:33Z
dc.date.available2017-10-06T12:11:33Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2458975
dc.description.abstractSAMANDRAG Med ei regjering som har fokus på sentralisering og effektivisering for å skapa meir robuste einingar, kjem studentsamskipnadane inn som ei gruppe private verksemder som blir med i dette dragsuget av fusjonar og samanslåingar. Dette fordi dei er så tett knytt opp mot utdanningsinstitusjonane som blir slått saman. Innovasjon er eit tema som blir diskutert mykje, og kva er innovasjon? Både leiing og tilsette kan bidra til innovasjon, men er det føresetnad at innovasjon er eit tema eller mål for at ein skal oppnå innovasjon? Spørsmålet i denne oppgåva rettar seg mot effektane av samanslåing av samskipnadane og det er eit interessant spørsmål om fusjonar har nokon effekt på innovasjon. I oppgåva blir det stilt spesifikt spørsmål om det finst grader av innovasjon etter samanslåingane av sju samskipnader til to. Innovasjon er ikkje eit klart definert begrep og det er gjort forsøk på å gje indikatorar på korleis ein måler dette. Teorien har eg henta frå ulike kjelder, men det viser seg at innovasjon som effekt av fusjonar er lite forska på. Eg har brukt fleire artiklar, men Oslo-manualen blir hovudkjelda når det gjeld innovasjon. Oslo-manualen eit samarbeid mellom mange land for å samle og tolke innovasjonsdata og for å gje betre og meir spesifikke innovasjonsindikatorar. For å få ei forståing for spørsmålet eg stiller har eg intervjua ti personar frå to ulike verksemder som er resultat av samanslåingar. Oppgåva tek for seg ei problemstilling det ikkje er forska mykje på tidlegare og står difor som eit bidrag til eit lite utforska forskingsfelt. Funna i undersøkinga viser at det er innovasjon i dei to undersøkte verksemdene etter fusjonane, men at det i stor grad er leiing som avgjer om det oppstår innovasjon i dei to undersøkte fusjonane. Studiet viser at det er all leiing sine haldningar på alle nivå som er av betyding, både toppleiing og mellomleiing for om det skapast innovasjon i verksemder. Endringsorientert leiing er meir innovasjonsdrivande enn ikkje endringsorientert leiing.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleOpnar fusjonar potensiale i verksemder til innovasjon og korleis?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Teknologi: 500nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel