Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorLædre, Ola
dc.contributor.advisorWondimu, Paulos
dc.contributor.authorRøren, Jon-Ove Liaset
dc.date.accessioned2017-10-02T14:01:16Z
dc.date.available2017-10-02T14:01:16Z
dc.date.created2017-06-11
dc.date.issued2017
dc.identifierntnudaim:17274
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2457819
dc.description.abstractStatens vegvesen har saman med ei rekkje departement uttrykt eit ønskje om å sjå nærmare på norsk vegplanleggingspraksis for å finne rom for forbetringar og innovasjon. Eit område som kan tenkast å ha rom for forbetring er tidlegfasen i vegplanlegginga. I denne masteroppgåva er derfor reguleringsplanfasen sett i samanheng med den påfølgjande prosjekteringsfasen. Tradisjonelt sett er regulerings- og prosjekteringsfasen i vegprosjekt gjennomført med stor grad av separasjon. Val som blir gjort i reguleringsplanen har derfor stor påverknad på prosjekteringa og korleis byggeplanen kan sjå ut. I arbeidet med byggeplanen hender det derfor at ein i prosjekteringa oppdagar at reguleringsplanar ikkje er tilstrekkelege, og i verste fall må reguleringsplanane lagast på nytt. Ei slik omregulering tek tid i form av planlegging og behandling, men ein taper også ressursar i form av bortkasta arbeid med tidlegare planar. Ettersom det er signal om at norsk vegplanleggingspraksis ikkje er optimal har ein undersøkt ein alternativ tilnærming til reguleringsprosessen der prosjekteringsfasen vert utført parallelt med reguleringa. For å undersøke korleis parallell regulering og prosjektering er gjennomført har dei tre følgande forskingsspørsmåla blitt studert: 1. Korleis gjennomfører Statens vegvesen parallell regulering og prosjektering? 2. Kva fordelar og utfordringar oppstår ved parallell regulering og prosjektering? 3. Korleis kan Statens vegvesen gjennomføre parallell regulering og prosjektering i framtidige prosjekt? For å svare på desse tre forskingsspørsmåla er det i forskingsmetoda nytta eit litteraturstudie etterfylgt av tre casestudiar med intervju og casestudie. Litteraturstudiet førte til ein del relevant litteratur, men viste også at det var store hol i litteraturen og at det er behov for dokumentasjon på området. Det er gjennomført ni casespesifikke semistrukturerte intervju med ulike aktørar frå dei tre prosjektorganisasjonane. Sju er internt tilsette i Statens vegvesen, ein er ekstern konsulent og ein er konsulent på oppdrag frå entreprenør. Dei tre studerte casane er «E16 Turtnes Øye», «E6 Helgeland nord» og «Førdepakken». Resultatet indikerer at fordelane ved parallell regulering og prosjektering er både eit betre produkt gjennom meir fullstendige regulerings- og byggeplanar, og ein betre prosess gjennom tids- og kostnadsinnsparingar. Å få på plass finansiering viser seg å vere den største utfordringa ettersom prosjekteringa må ta til allereie i reguleringsplanfasen. Rapporten konkluderer med at parallell regulering er gjennomførleg, det har vore gjort med suksess, og har nokon klare fordelar. Parallell regulering og prosjektering er å føretrekke i prosjekt som skal gjennomførast innan få år ettersom endringar i omfang eller anna kan ha mykje å seie for kva som skal byggast. Masteroppgåva dokumenterer saman med den publiserte artikkelen, verdifulle erfaringar frå denne parallelle tilnærminga til planlegging. Ei tilnærming som fleire vegprosjekt kunne drege nytte av. Anbefalt vidare arbeid er intervju av fleire nøkkelpersonar og å studere fleire liknande casar. Vidare er det interessant å studere kva konsekvensar parallell regulering og prosjektering faktisk har på byggefasen og på den endelege vegen. Korleis korridorplanlegging og statlege planar verkar inn kan òg vere interessant å undersøke, samt at det kan vere interessant å studere om kontraktsform, entrepriseform eller gjennomføringsmodell har noko å seie for grad av suksess ved parallell regulering og prosjektering. Masteroppgåva består av ein masteroppgåverapport og ein publisert vitskapleg artikkel.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectBygg- og miljøteknikk, Prosjektledelse
dc.titleParallell regulering og prosjektering i vegprosjekt
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel