«Vi hadde det jo veldig bra, egentlig. Sjølv om vi mangla mye.» Minne om skulegang i Ålesund under okkupasjonstida
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2455405Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Masteroppgåva handlar om skulegangen til elevar ved Ålesund folkeskule under andre verdskrig. I arbeidet med prosjektet blei tjueein tidlegare elevar intervjua, i tillegg til at relevante kjelder frå Ålesund kommune vart nytta. I intervjua fortalde informantane om eigen skulegang, samt om minne frå den kvardagen dei opplevde under okkupasjonstida. Oppgåva tek føre seg dei nye forholda på folkeskulen under krigen, undervisinga som informantane mintest, grupperingar blant barna og det samhaldet dei mintest. Dessutan hugsa informantane godt lærarane, klassekameratane og fleire av dei ulike skulefaga dei hadde. Minneteori er også ein av denne oppgåva. Informantane sine minne blir mellom anna sett i lys av den store norske kollektive minnetradisjonen. Og det viste seg at dei tidlegare elevane særleg mintest og fortalde historier med eit innhald som knytte seg til det som er tradisjonelle tema i minna om okkupasjonstida i Noreg.