Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorFeilberg, Julie
dc.contributor.advisorAndenæs, Ellen
dc.contributor.authorBøstrand, Ingvild
dc.date.accessioned2017-09-19T09:11:27Z
dc.date.available2017-09-19T09:11:27Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2455369
dc.description.abstractMange nyutdanna logopedar arbeider med språklydvanskar som ein del av den nye yrkesrolla dei går inn i. Kva føresetnadar har desse for å ta til på dette arbeidet, og kva refleksjonar gjer dei nyutdanna logopedane seg når det gjeld tileigning av denne kompetansen? Problemstillinga mi er: «Kva faktorar vektlegg nyutdanna logopedar i samband med å utvikle kompetanse for å arbeide med språklydvanskar?» For å sjå nærare på dette satt eg opp fire forskingsspørsmål. Korleis opplevde dei nyutdanna logopedane betydninga av teori og praksis på logopedistudiet? Kva betydning hadde arbeidet med barna og samarbeidet med foreldre, barnehage og skule? Korleis kunne faglege fellesskap vere ein ressurs? I tillegg var den ikkje-artikulerte og tause kunnskapen ein faktor eg ynskte å sjå på. Oppgåva har ei kvalitativ tilnærming der eg har intervjua fem forholdsvis nyutdanna logopedar frå eit stort geografisk område. Dei hadde jobba henholdsvis litt over eit, halvanna, to, fire og sju år som logopdar, og alle hadde tatt utdanninga på fulltid. Fire av deltakarane melde seg sjølv, medan den siste vart spurd om å delta. Eg nytta ei delvis strukturert tilnærming, der eg hadde intervjuguide med fastlagde tema. Eit fagleg fellesskap med andre logopedar vart sterkt framheva som viktig av alle deltakarane. Dette vere seg eigne kollegaer, tidlegare medstudentar, som rettleiarar til logopedstudentar eller ved å delta på kurs. Å ha moglegheit til å drøfte saker synes å vere vesentleg heilt frå logopedistudiet og som eit vidare behov for framtida. Deltakarane opplevde at utdanninga aleine på langt nær gav nok kompetanse for å handtere språklydvanskar, men var godt nøgde med logopedistudiet som heilhet. Å ha stor nok stilling som utøvande logoped, slik at ein får praktisert mykje, både i det direkte arbeidet med ungane og det indirekte arbeidet med rettleiing til foreldre, barnehage og skule, vart sett på som nyttig for å utvikle seg. Å setje ord på kompetansen sin og å reflektere i lag gjorde ein meir bevisst på den tause kunnskapen ein sat inne med. I tillegg var det å skriftleggjere arbeidet, til dømes med loggføringar, særs nyttig for utvikling av kompetansen. Som utøvande logoped vert ein aldri utlært innan dei ulike fagområda, så heller ikkje når det er knytt til arbeid med språklydvanskar, som er eit viktig område innanfor logopedien!nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.subjectspråklydvanskarnb_NO
dc.subjectkompetansenb_NO
dc.subjectnyutdanna logopedarnb_NO
dc.subjectmasteroppgåvenb_NO
dc.subjectlogopedinb_NO
dc.title"Ting virkar kanskje greiare når du les om det enn når du skal til å praktisere..." - om nyutdanna logopedar og utvikling av kompetanse for arbeid med språklydvanskarnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000nb_NO
dc.source.pagenumber53nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel