Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMæhlum, Brit Kirsten
dc.contributor.authorBjørke, Eline
dc.date.accessioned2017-09-13T09:03:08Z
dc.date.available2017-09-13T09:03:08Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2454458
dc.description.abstractDenne avhandlinga har som formål å undersøke dialektendring i to familiar gjennom tre generasjonar i Løten. I tillegg forsøker eg å seie noko om bakgrunnen for dialektendringane. Løten kommune ligg på Hedmarken i Hedmark fylke, og høyrer til det nordaustlandske dialektområdet. Andre studiar frå dette området har synt at talemåla er i endring i retning eit bokmålsnært talemål. Eg nyttar i hovudsak kvalitativ metode for å undersøke dialektendring. Eg har hatt forskingsintervju med eit strategisk utval av informantar: Seks personar henta frå tre generasjonar i to familiar busett i Løten. Den eine familien er busett på gard, medan den andre er busett på eit byggefelt. I ettertid har eg brukt intervjua både til å undersøke kva dei seier, og korleis dei seier det. For å undersøke språket i intervjua, har eg notert tradisjonelle og modifiserte variantar av utvalte språklege variablar. Dei språklege funna syner at informantane i både den eldste og den nest eldste generasjonen har relativ stor opphoping av tradisjonelle dialekttrekk. Den nest eldste generasjonen er litt meir inkonsekvente enn den eldste, og har litt fleire belegg på modifiserte variantar. På same måte har informantane frå familien busett på byggefelt litt fleire belegg på modifiserte variantar enn informantane i same generasjon som er busett på gard. Den yngste generasjonen har derimot langt færre tradisjonelle dialekttrekk enn den dei to eldste generasjonane. Den yngste informanten frå familien busett på gard har enkelte tradisjonelle dialekttrekk, som han bruker inkonsekvent. Den yngste informanten frå familien busett på byggefelt har derimot berre att tradisjonelle dialekttrekk som fell saman med eit bokmålsnært talemål. Bakgrunnen for dialektendringane er samansett. Eg har peikt på status som ein del av forklaringa. Den låge statusen til den tradisjonelle løtendialekta kombinert med at det nærliggande søraustnorske bokmålsnære talemålet har ein prestisjestatus, kan forklare at språkbrukarar nyttar eit bokmålsnært talemål i staden for den tradisjonelle dialekta. I tillegg er identitet ein viktig faktor. Språkbrukarar som identifiserer seg med det rurale kan bruke tradisjonelle dialekttrekk for å markere ein slik identitet, medan språkbrukarar som identifiserer seg meir med det urbane kan bruke modifiserte, bokmålsnære former for å markere dette. Eg spår at det i framtida vil vere fleire løtensokningar som identifiserer seg meir med det urbane, og dimed fleire løtensokningar som vel eit bokmålsnært talemål.nb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.subjecthedmarkennb_NO
dc.subjectsosiolingvistikknb_NO
dc.subjectdialektendringnb_NO
dc.subjecttalemålsendringnb_NO
dc.subjectLøtennb_NO
dc.titleLøtendialekta i endring : ein sosiolingvistisk studie av dialektendring gjennom tre generasjonar i Løtennb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Nordiske språk: 018nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel