Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorDale, Britt Engan
dc.contributor.authorMarkakis, Antonios
dc.date.accessioned2017-06-28T11:19:28Z
dc.date.available2017-06-28T11:19:28Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2447221
dc.description.abstractI desse moderne tider, med ei globalisering som er i stadig frammarsj, må stader jobba stadig hardare for å skilje seg ut å gjere seg sjølv unik. Dette er ein bevisst slagplan for å lykkast, og for at globaliseringa skal slå positivt tilbake for einkvar stad. Mange seier at globaliseringa har gjort bygda og mindre stader til dei store taparane. På ei annan side kan ein derimot seie at globaliseringa har gjort at nye trendar blir skapt, som igjen gjev nye moglegheiter for vidare vekst, ikkje berre for urbane strøk, men òg for dei rurale. Spørsmålet er korleis stadane kan bruke globaliseringa til sin fordel, og følgje det opp ved å skapa noko nytt, og vekst ut av det. I denne oppgåva har eg brukt Sogndal som case for å belyse temaet. Dei empiriske data består av sju intervju, der intervjua var med menneskjer som representerer dei viktigaste aktørane i Sogndal kommune. Analysen er delt opp i tre deler, kor den første delen tar for seg kva dei unike ressursane som er å finna i Sogndal er, mens den andre delen av analysen byrjar med å presentere dei viktigaste aktørane i Sogndal. Vidare tar den føre seg korleis dei ulike aktørane jobbar for å marknadsføre seg sjølv, og som eit resultat av dette, er ei marknadsføring av Sogndal. Dette kan gjerast på forskjellige måtar, noko som me skal sjå på nærare på i denne oppgåva. Den tredje og siste delen av analysen tar føre seg korleis Sogndal kan lykkast i framtida, i form av stadsutivkling og vere eit velfungerande samfunn, med kraft av deira unike ressursar som gjer seg gjeldane. Funna frå denne oppgåva, viser at Sogndal har ressursar som kan utnyttast til å skapa vidare vekst, og vere ein kreativ stad som kan lykkast i eit stadig meir globalt samfunn. Bygdementaliteten med folka i spissen er Sogndal velsigna av, og samtidig er dette heilt avgjerande med tanke for å kunne skapa noko nytt. Ein må heller ikkje gløyme å rekne med viktige verksemder som Sogndal Fotball, Lerum AS og dei offentlige etat som er å finna Sogndal og omland som har vore med og forma bygda over tid. Naturen som fins i området, er òg ein ressurs som ein må ta med seg. For å kunne lykkast, må desse kreftene og ressursane som er å finna i bygda, kunne samarbeide og vere kreative, der hovudessensen vil vere å finne ut kva som er bygda sine unike ressursar, og utnytte dei til det fulle. Kva er det Sogndal har som ingen andre har?nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleSogndal : nyskaping og omdømebygging i eit stadig meir globalt samfunnnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel