Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMæhlum, Britnb_NO
dc.contributor.authorRavnestad, Eldbjørg Synnøve Myklebustnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T13:10:01Z
dc.date.available2014-12-19T13:10:01Z
dc.date.created2014-09-08nb_NO
dc.date.issued2014nb_NO
dc.identifier744241nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/244359
dc.description.abstractEtter jamstillingsvedtaket av 1885 er dei to norske skriftspråka nynorsk og bokmål sidestilte i offentleg bruk. Formelt sett har målformene like vilkår, men reelt sett står bokmål sterkare og er meir utbreitt enn nynorsk. Skulen er ein viktig forvaltar av det norske språk, og det er her elevane får systematisk språkopplæring. I august 2013 tok ei revidert utgåve av Kunnskapsløftet til å gjelde, og gjennom revisjonsprosessen fekk sidemålsopplæringa mykje omtale. Den rådande språkpolitikken i Noreg har som eit overordna mål å styrkje det norske språket og gjere det til eit samfunnsberande språk. I tillegg er det eit underforstått prinsipp at spesielt nynorsken skal fremjast. Det språklege mangfaldet vert sett på som ein nasjonal ressurs, og opplæringa skal forvalte og utvikle verdien av å ha to sidestilte målformer. Læreplanane i norskfaget kan seiast å vere uttrykk for språkpolitikken, og innhaldet i planane speglar kva som er dei språkpolitiske måla. Gjennom ein analyse av læreplanar frå 1974–2013, undersøkjer eg korleis toskriftsituasjonen kjem fram i læreplanane. Eg ser på intensjonane bak den formelle jamstillinga og på føresetnadane for å realisere denne. Målet er å finne ut korleis læreplanane som tekstar legg opp til ei meir reell jamstilling av målformene i norskfaget. Gjennom fire aspekt syner analysen at det har vore ei utvikling i korleis læreplanane organiserer innhaldet i norskfaget og korleis toskriftspråkssituasjonen vert omtala og teken omsyn til. Dei siste planane kan i større grad seiast å styrkje jamstillinga av bokmål og nynorsk gjennom målformuleringar, organisering, legitimering av toskriftspråkssituasjonen og omgrepsbruk. At utviklinga har gått den vegen samsvarar med det som er den rådande språkpolitikken. Analysen viser at utviklinga har gått i retning av å få eit meir heilskapleg norskfag som i større grad enn tidlegare fremjar toskriftspråkssituasjonen som ein del av heile norskopplæringa. Dette er i tråd med det som vert lagt fram som måla for språkpolitikken. Likevel er ikkje debatten om sidemålsopplæringa avslutta heilt. Det vert hevda at vi i Noreg har eit problematisk syn på toskriftspråkssituasjonen, og debatten om sidemålsopplæringa under revisjonen av Kunnskapsløftet syner at dette er ein viktig del av norskfaget. Læreplanane legg føringar for språkopplæringa, og utforminga av planane er difor viktig. Læreplanen i norsk har såleis innverknad på jamstillinga av bokmål og nynorsk ved at det legg føringar for korleis det skal takast omsyn til toskriftspråkssituasjonen i opplæringa.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for språk og litteraturnb_NO
dc.subjectspråkpolitikkno_NO
dc.subjectnordiskno_NO
dc.subjectnorskno_NO
dc.subjectnorskfagetno_NO
dc.subjectlæreplanno_NO
dc.subjectjamstillingno_NO
dc.subjectjamstillingsvedtakno_NO
dc.subjectsidemålno_NO
dc.subjecthovudmålno_NO
dc.titleIdeologi og språkpolitikk: Jamstillingsvedtaket i læreplanar for norskfagetnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber65nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for språk og litteraturnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel