Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRauset, Kjersti Renate
dc.date.accessioned2017-05-10T10:38:18Z
dc.date.available2017-05-10T10:38:18Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2442140
dc.description.abstractDenne masteroppgåva tek for seg garden som læringsarena. Læringsarenaer utanfor klasserommet har fått auka merksemd, og ein ser at det ligg statlege føringar til grunnfor at naturen og nærmiljøet skal nyttast i opplæringa. Ved å ta i bruk garden som læringsarena skal elevane lære gjennom å gjere praktiske arbeidsoppgåver i landbruket, og aktivitetane på garden skal vere ein integrert del av læringslandskapet på skulen. Det har i denne masteroppgåva blitt jobba ut frå problemstillinga:«Kva langtidsutbytte har elevar etter å ha hatt opplegg på ein gard i mange år». Det blir sett etter kva elevane hugsar att, kva detaljgrad det er i svara og kva faktorar som kan ha påverka utbyttet. Dette er ein kasusstudie der metoden for oppgåva hovudsakleg er kvalitative intervju med elevar på 6.trinn. Lærar og gardbrukar har og vorte intervjua, samt at ein har samla inn skriftlege planar og loggar frå gardbrukar. Dette for å skaffe ei fyldig og god skildring av kasuset, for å kartleggje kva elevane har opplevd, og for å få eit godt innblikk i samarbeidet mellom skulen og tilbydargarden. Undersøkinga viser at elevane hugsar att mykje og dei kan fortelje om mange aktivitetar dei har vore med på. Ein del har rike og detaljerte skildringar. Likevel ser ein at mange av elevsvara er lite detaljerte og nokre elevar viser ufullstendig fortsåing for visse tema. Elevane ser heller ikkje koplingane mellom det som skjer på garden og det som skjer i klasserommet. Å ta i bruk garden som læringsarena legg til rette for at elevar kan få oppleve og lærer ved å ta i bruk heile kroppen, gjennom autentiske aktivitetar i eit autentisk miljø. Det er visse føresetnader ein må ta omsyn til for at elevar skal få eit best mogleg utbytte. Det som skjer på garden er viktig, men det som skjer utanfor er minst like viktig for utbyttet. For-og etterarbeid er viktige stikkord. Skal elevane ha best mogleg utbytte av læringsarenaer utanfor klasserommet bør ein leggje til rette for både forarbeid, praktiske arbeidsoppgåver i autentiske miljø, og etterarbeid. Godt samarbeid mellom garden og skulen kan også styrkje utbyttet til elevane.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.title"Garden som læringsarena" - Ei undersøking av elevar sitt langtidsutbytte etter opplegg gjennom "Garden som pedagogisk ressurs"nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Fagdidaktikk: 283nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel