Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMoltu, Beritnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T13:09:06Z
dc.date.available2014-12-19T13:09:06Z
dc.date.created2004-06-11nb_NO
dc.date.issued2004nb_NO
dc.identifier124353nb_NO
dc.identifier.isbn82-471-6376-4nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/244083
dc.description.abstractDenne avhandlinga handlar om forflytting og bruk av managementkonseptet Business Process reengineering (BPR), også kalla prosessorganisering, og korleis dette konseptet har vandra på si reise frå USA til Noreg og inn i norske bedrifter. Avhandlinga handlar ikkje like mykje om heile reisa og alle stoppa undervegs. Først og fremst handlar denne avhandlinga om den praktiske bruken av mangementkonseptet Business Process Reengineering, m.a.o. hovudvekt på siste del av reisa; konseptet i møte med ei norsk bedrift. I avhandlinga er vi òg innom første del av reisa, litteraturen om konseptet BPR, i tillegg eit av stoppa undervegs, konsulentbransjen. Når det gjeld studie av managementkonsept er det ein del litteratur på spreiing av mangementkonsept. Ein analogi til denne litteraturen har vi i teknologi- og innovasjonsstudiar der innføring av ny teknologi vert sett på som eit spørsmål om diffusjon eller spreiing av innovasjonar som allereie er gjort. Diffusjon er ein metafor lånt frå fysikk og kjemi der det er snakk om forflytting av partiklar i tid og rom. Ein mykje nytta modell knytt til diffusjon av innovasjonar er den såkalla sentrum-periferi modellen (Schön 1973 i Sørensen 1987:10). Den byggjer på ein føresetnad om at innovasjonen som skal spreiast, er ferdig utvikla før spreiinga tek til. Diffusjon er korleis innovasjonen flyttar seg frå senteret til den endelege brukar, og dirigert diffusjon er ein sentralt styrt prosess av spreiing, opplæring og framskaffing av ressursar og incitament. Den prototypiske ”spreiaren” er ein seljar av t.d. nye legemiddel. Det finst dessutan to variantar av sentrum-periferimodellen: i den eine består sentrum av ein slags emissær som dreg rundt på kryss og tvers i sitt område og spreier ”den gode bodskap”. Vi kan lett sjå for oss mangementkonsulenten eller ”gurukonsulenten” i ei slik rolle når det gjeld managementkonsept. Og i den andre er det snakk om eit magnetisk sentrum som trekkjer potensielle diffusjonsagentar frå periferien til seg, slik t.d. universitet har gjort i lang tid. Denne sentrum-periferimodellen kan utviklast og nyanserast til ein sentrum-satelittsentrum-periferimodell. Ein kan lett lese historia om BPR ut frå eit slikt perspektiv, om eit mangementkonsept som har blitt utvikla til eit ferdig produkt i Boston og som har blitt selt inn av konsulentar og regionale "gurukonsulentar”, og når sluttbrukaren i form av ei implentering av konseptet. Det er då ei typisk ovanfrå og ned innføring. Dette perspektivet handlar først og fremst om ei kvantitativ forflytting av eit konsept med eit ferdig innhald som ikkje endrar seg undervegs. Spreiinga sitt forløp vert gjerne presentert i form av S- og Gauss-kurver. Til eit visst punkt kan denne førestillinga ha noko for seg i form av at det er noko med BPR som vert forflytta. Alle perspektiv løfter fram noko og gjer andre ting usynleg, men kva som vert forflytta og korleis denne forflyttinga skjer, seier perspektivet ikkje noko om. Utgangspunktet for denne avhandlinga er at denne førestillinga er mangelfull når det gjeld managementkonsept, på same måten som ho er mangelfull eller feilaktig for teknologiske innovasjonar. Sørensen (1987:3) peikar på at ved innføring av ny teknologi krevst eit minimum av tekniske såvel som organisatorisk tilpasning, og at det difor er rimeleg å sjå på innføring av ny teknologi som ein innovasjon. Han kallar dette innovasjon ”nedanfrå”. Dette skil seg frå innovasjonar ”ovanfrå” ved å legge vekt på dei meir kreative aspekta i innføring, og legg avstand til den litt mekanistiske forståinga av teknologioverføring eller forflytting som ofte følgjer av eit slikt ”ovanfrå” perspektiv. For å analysere mitt empiriske materiale har eg nytta konstruktivistiske teknologi- og vitskapssttudiar (Science and Technology Studies, STS) for å forstå forflyttinga og bruken av managementkonseptet Business Process Reengineering (BPR). Dette er teoriar som er utvikla spesielt for å forstså spreiing av teknologi. Like fullt er det òg spesifikk kritikk av å sjå teknologisk spreiing som ein lineær diffusjonsmodell som nemt ovanfor. Meir spesifikt gjer eg bruk av aktørnettverksteori (ANT). Her ser ein på teknologioverføring som ein kontinuerleg nyskapingsprosess. Latour (1986) ser utbreiinga av ein innovasjon som ein forhandlingsorientert transformasjon, eller for å nytte hans eige omgrep, ein translasjonsprosess. Innanfor dette perspektivet vert ein innovasjon utbreidd etter kvart som fleire vert overtalte til å nytte han, men gjennom desse overtalingane/forhandlingane vert innovasjonen transformert, slik at han i aukande grad kan framstå som attraktiv for fleire brukarar. ”Spreiing”, eller for å nytte ein annan term, forflyttinga eller utbreiinga handlar dermed om mobilisering og samankjeding av interesser. På denne måten vert innovasjonen nytta av stadig fleire. Forflyttinga eller utbreiinga handlar òg om tilpasing av innovasjonen til nye interesser, slik at han kan nyttast som grunnlag for ei slik samankjeding av interesser, og dermed bruk av stadig fleire. Oppsummert kan ein seie at innovasjonar ikkje er konstante. Dei er under stadig utvikling og omdanning. Av mangel på denne innsikta har ein i diffusjonsstudiar ofte hatt korrelasjonsstudiar som har studert eigenskapar ved individ, organisasjonar eller produkt som påverkar spreiingshastigheita (Sørensen 1987:21). Diffusjonsforskinga er og harmoniorientert ved ikkje å sjå kva konfliktar, strategiar, interessemobiliseringhar å seie for korleis innovasjonar utviklar seg og vert brukte, med unntak av ”irrasjonelle” innslag som motstand mot endring som ein må overvinne. I sum kan ein seie at dei prosessuelle aspekta ved innovasjon/utbreiing/ibruktaking ikkje vert forstått innan ein diffusjonsmodell. I denne avhandlinga vil vi legge vekt på dei prosessuelle aspekta.nb_NO
dc.languagenobnb_NO
dc.publisherDet historisk-filosofiske fakultetnb_NO
dc.relation.ispartofseriesDoktoravhandlinger ved NTNU, 1503-8181; 2004:81nb_NO
dc.relation.haspartMoltu, B. Business process reengineering. .nb_NO
dc.relation.haspartMoltu, B. "BPR is dead! Long live the process!" The uptake of business process reengineering in Norway. .nb_NO
dc.relation.haspartMoltu, B. Organisasjonskonsulentar som pragmatikarar. .nb_NO
dc.relation.haspartMoltu, B. Vår ære og vår makt. .nb_NO
dc.relation.haspart. "Dette er ikkje noko PC-Spel!". .nb_NO
dc.relation.haspartMoltu, B. Mot ein refleksiv medverknad?. .nb_NO
dc.relation.haspartMoltu, B. Feltarbeid som dialog. .nb_NO
dc.relation.haspart. The social Shaping of Business Process Reengineering (BPR) in "Norwestoil". .nb_NO
dc.titleBPR på norsk. Managementkonseptet Business Process Reengineering (BPR) som kulturell praksisnb_NO
dc.typeDoctoral thesisnb_NO
dc.source.pagenumber417nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for tverrfaglige kulturstudiernb_NO
dc.description.degreePhD i tverrfaglige kulturstudiernb_NO
dc.description.degreePhD in Interdisciplinary Cultural Studiesen_GB


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel