Den boklærde narren: Arild Linneberg som litteraturkritikar
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/243801Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Avhandlinga har dreidd seg om Arild Linneberg sitt virke som litteraturkritikar, i hovudsak i litterære tidsskrift på 1980-talet, men med fleire skråblikk på andre og til dels seinare tekstar. Føremålet har vore å avdekkje korleis Linnebergs litteraturkritikk fungerer som formidling av litteratur til eit lesande publikum. Det gjev serpreg til litteraturkritikken hans at han ope vedgår å prioritere det fyrstnemnde, å vera lojal mot den indre logikken i verka, medan han står i opposisjon til ein tabloid moderne litteraturkritikk han meiner sel seg til marknaden og er gjennomsyra av “egentlighetens sjargong”: Vår tids forbrukarjournalistiske litteraturkritikk gjev inntrykk av å representere sanning og autentisitet, og kritikarane er blinde for sin eigen retoriske praksis og tradisjonane dei sjølve er påverka av. Dette medan det same feltet til langt ut på 1800-talet var eit friområde for dialogisme, karnevalisme og ironi – for dei kreative krumspringa Linneberg med sterkt retorisk sjølvmedvit gjer rom for i det han skriv. Han kombinerer lange historiske perspektiv med formmessige eksperiment, samstundes som tekstane hans er teoretiske og informasjonstette, samfunnsengasjerte og politiske.
Det blir interessant og humoristisk litteraturkritikk, men den kan vera krevjande for lesarar som ikkje alt er velskolerte – eller som ikkje på førehand har lese verket det er tale om. Linneberg er tru mot sine eigne ideal når han på prinsipielt grunnlag avstår frå å forenkle vanskelege emne, men når han samstundes aksentuerer det karnevalistiske og folkelege, anar ein at det finst nokre vanskelege paradoks i litteraturkritikken hans. Det er eit visst avvik mellom ambisjonar og praksis, synleg serleg når denne litteraturkritikken som har normbrotet og dissonansane som ambisjon, sjølv kjem med mange sterke erklæringar som ikkje alltid verkar foreinlege med den dialogiske toleransen tekstane oppmodar til. Linnebergs litteraturkritikk balanserer på ein knivsegg: Den strevar mot nærsøkne analysar som både er sympatiske og dekonstruktive, samstundes som den ber i seg mykje opposisjonell vilje og mange store ambisjonar på litteraturen og litteraturkritikken sine vegner. Paradoksa har kome fram gjennom døma vi har studert, og denne avhandlinga har ikkje hatt til føremål å “løyse” dei, enn seia å setja seg til doms over dei, men å analysere og forstå det retoriske spelet hjå ein litteraturkritikar som vil svært mykje, til tider meir enn etablissementet han tilhøyrer gjev rom for. Denne utsette posisjonen krev av Linnebergs litteraturkritikk at den heile tida utfordrar grenser, samstundes som den trivst i dei uavklåra mellomposisjonane. Jamvel om tekstane somtid strevar i denne kontinuerlege striden, mister dei aldri den dynamiske opprørsviljen sin.